NRK Meny
Normal

Popartist Eva Weel Skram syng duett med onkelen i NRK Julelutt

I årets julelutt skal Eva Weel Skram synge julesongar i lag med onkelen, operasongaren Knut Skram.

Eva Weel Skram og Knut Skram

SYNG SAMAN: Eva Weel Skram og Knut Skram blir med på årets Julelutt. Saman skal dei syngje julesongar.

Foto: Stian Sjursen Takle/Pressefoto

Veteranen innan norsk opera ser fram til å få synge saman med dottera til broren Dag, sjølv om dei er utøvarar i svært ulike sjangrar.

– Det trur eg blir veldig kjekt. Det er ei stund sidan eg har sunge i Sogndal, så det gler eg meg til, seier Knut Skram.

Han har aldri sunge offentleg saman med niesa Eva Weel Skram tidlegare.

– Vi har sunge saman privat, men vi driv i litt forskjellige sjangrar, så det blir ikkje så veldig ofte vi møtest på scena. Vi har ikkje heilt bestemt kva vi skal synge på Julelutt, men vi skal prøve å få til noko, så det skal nok gå bra.

Og Eva gler seg til å synge med onkelen.

– Det blir veldig spennande sidan eg aldri har sunge med ein operasongar før, og fordi eg har sjeldan sunge julesongar. Det var litt utfordrande å finne ein låt som skulle passe både onkel Knut si stemme og mi, men no føler eg at vi har funne noko vi begge er komfortable med, så dette ser eg fram til, seier ho.

Eva skal også framføre låtar saman med ektemannen Thomas Stenersen og nokre åleine. Akkurat no er ho i Nord-Norge, der snøfall gjer at det ikkje er så utenkeleg med julemusikk.

– Så no er det berre å kome i julestemning, og for ein «julete» person som meg er ikkje det noko problem, seier Eva Weel Skram.

50-årsjubileum

Knut Skram gler seg til å kome til Sogndal. Sidan mor hans døydde for to år sidan har han ikkje vore der så ofte. 76-åringen er framleis aktiv på scena.

– Det er 14 år sidan eg hadde avskilsforestilling på Operaen, og då hadde det vore veldig mykje aktivitet i lang tid, særleg utanlands, så då var eg lei av all reisinga.

Då hadde han tenkt å slutte heilt, men slik vart det ikkje.

– Dåverande operasjef Bjørn Simensen sa: Eingong songar, alltid songar. Etter eit års tid hadde eg nokre små comeback, og akkurat i desse dagar har eg igjen comeback på Operaen, i ei framsyning som heiter «Lady Macbeth frå Mtsensk» av Dmitrij Sjostakovitsj.

– Fantastisk musikk. Og det er litt moro fordi det fell saman med 50-årsjubileet mitt, sidan eg tok til på Operaen i 1964.

I tillegg til niesa Eva får Knut Skram møte kremen av musikalske artistar frå Sogn og Fjordane i Sogndal kulturhus laurdag 13. desember. For første gong samlar NRK Julelutt artistar frå heile fylket for å lage ein stor konsert med berre julemusikk.

Stian Sjursen Takle

GLER SEG: Programleiar Stian Sjursen Takle gler seg stort til å skape julestemning i Sogndal kulturhus 13. desember.

Foto: Dagrun Reiakvam

Dei som tek turen får oppleve dei største artistane som Tone Damli Aaberge, Odd-Erik Lothe og Eva Weel Skram, men også dei heilt ferske talenta våre som Aksel Hauge Vedvik frå MGP Junior.

– Fascinerande program

Prosjektleiar og programleiar Stian Sjursen Takle boblar over av entusiasme.

– Det er eit heilt fascinerande program. At du får høve til å oppleve så mange og ulike artistar på same scene er unikt. Og at Eva Weel Skram og Knut Skram skal synge saman blir veldig flott.

Han ramsar opp namn som Tone Damli Aaberge, Eva & the Heartmaker, Knut Skram, Odd-Erik Lothe, Åshild Mundal, Jonas Nyløy Navarsete, Lena Skjerdal, Erlend Apneseth, Unni Løvlid, Laila Beathe Førde, Roger Allan Ivin.

I tillegg opptrer talenta Aleksander Raftevold (Lutt-talent 13), Alice Hugøy (Countrytalent-vinnar), Aksel Hauge Vedvik (MGPjunior), Annika Synnøve Beines, Håvard Endal Husevåg (Lutt-talent 14) og Fride Roska (Idol).

Tone Damli Aaberge

JULEPLATE PÅ SOGNEMÅL: Tone Damli Aaberge er mellom artistane på årets Julelutt.

Foto: Pressefoto

– Får gåsehud

Det er åttande år på rad at NRK arrangerer Julelutt, og i år har dei fått med seg både kulturhuset i Sogndal, Sogn Avis og Sparebanken Vest som medarrangør. Saman har dei invitert 18 ulike artistar til å stå på scena laurdag 13. desember.

– Det er kjekt for Sogn Avis å kunna bidra til at sogningane får eit så eineståande konserttilbod før jul. Berre tanken på Knut Skram og Eva Weel Skram på same scene gir meg gåsehud.

– Og så gler eg meg til smakebitar frå Tone Damli Aaberge si juleplate på sognemål frå scena i heimbygda, seier redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

Plukkar eigne julefavorittar

Artistane har fått i utfordring å plukke sine eigne julesongfavorittar, men også ta med seg eigenlaga julelåtar dersom dei har. I tillegg kjem fleire av dei til å opptre og samarbeide saman for aller første gong.

– Den største styrken til desse artistane er kvaliteten i det dei gjer. I tillegg har dei ganske ulike uttrykk, og dei bidreg med mange forskjellige sjangrar. Vi skal innom alt frå pop og rockabilly til opera og folkemusikk.

– Dette vil gjere denne konserten heilt unikt variert, seier prosjektleiar Sjursen Takle.

Totalt vert det lagt ut om lag 700 billettar til dei to konsertane laurdag 13. desember i Sogndal kulturhus.

Talentkavalkade

Luttprosjektet har sidan starten hatt som mål å vise fram unge talent frå Sogn og Fjordane på same scene som dei største artistane frå fylket. Dette tek dei enno ein steg vidare under årets julekonsert.

Der skal seks unge talent frå ulike delar av fylket delta saman i ein kavalkade av julesongar. Dei skal synge både åleine og saman med dei andre talenta.

Her finn du dyktig ungdom med ambisjonar som har markert seg i lokale og nasjonale musikkonkurransar som countrytalent, MGP Junior, Lutt-talent og Idol.

Musikalsk leiar for konserten vert Inge Ronny Kvåle frå Sogndal. Han stiller med eit sterkt husorkester til artistane.

Prisutdeling

I tillegg skal det delast ut Luttpris til årets artist i Sogn og Fjordane. Der skal både publikum og fagjuryen i tida fram mot konserten få vere med å bestemme kven dei meiner har fortent prisen som den beste i 2014.

Prisen er eit stipend på 25.000 kroner og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim. Den vert delt ut på den første av dei to julekonsertane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser