Hopp til innhold

Syng for første gong i Sogn

Leikanger-kvinna vender heim.

Silje Nes
Foto: Promo

Silje Nes er så smått i gong med å skaffa seg eit namn både nasjonalt og internasjonalt.

Spelar på Balejazz

Ho har dei siste åra budd i Bergen og Berlin, og flytta frå Sogn før musikarkarrieren tok av. Men no er Balejazz 2008 i gong - og Nes står på programmet.

- Eg trur det vert fint. Me stiller no opp og spelar på same måten som me alltid gjer, så får me sjå kor det går, seier ho lågmælt.

Ho trur ikkje det vert veldig annleis å spela på heimebane.

Meir kjentfolk enn vanleg

- Det vert meir kjentfolk i publikum enn det pleier. Elles vert det nok mykje det same som alle andre spelejobbar.

I sommar skal ho spela både på Hove-festivalen, Øya-festivalen og Kongsberg jazzfestival.

- Og så vert det vel andre ting som dukkar opp etterkvart, seier Nes.