Hopp til innhold

Sjå den store fylkes-skilnaden på «skandalevegen»

Fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var i dag på synfaring langs det ordføraren i Hornindal har kalla ein skandaleveg. Det ser dårleg ut for dei som ynskjer at vegen vert betra no.

Store skilnader på fylkesveg 60 i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

SKILNAD: Med berre få kilometer mellomrom er standardforskjellen på fylkesveg 60 svært merkbar.

Einar Arve Nordang

PÅ HØG TID: Det er på høg tid å gjere noko med vegen, meiner logistikksjef i Orkla Foods, Einar Arve Nordang.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Prioriteringa ligg fast i Regional Transportplan. Dersom vi skal byrje å endre prioriteringar kvar gong nokon ønsker ei endring, vert det veldig uryddig, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Dei to store bedriftene Orkla Foods og Ekornes Grodås, var også med på synfaringa. Logistikksjef på Orkla Foods Norge på Stranda, Einar Arve Nordang, er ein av dei som vil vere skuffa over beskjeden frå Kjelsnes.

– Ein trygg veg er viktig både for sjåførane våre og medtrafikantar. Kanskje kjem eit signal i dag. Vedtaket står vel ved lag, men det er det vi prøver å snu, sa Nordang like etter synfaringa.

Nesten all osten som går til Grandiosa-pizzaen og mjølet til botnane går denne vegen, fortel Nordang.

– Vi ynskjer å sette lys på kva behov vi som stor industriaktør har for denne vegen. Vi meiner det er på høg tid at det vert gjort noko med standarden, seier Norddang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Synfaring Hornindal

SYNFARING: Med buss som transportmiddel fekk fylkespolitikarar i dag sjå med eigen auge kvaliteten på fylkesveg 60.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lite håp om pengar no

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ville opphavleg prioritere strekninga på topp etter utbetringa av Olden-Innvik. Men etter ein politisk dragkamp før jul i fjor, skuva fylkespolitikarane vegen ned på lista til fordel for kystvegen Måløy-Florø og Førdepakken.

Etter bussturen langs fylkesveg 60 frå Grodås i Hornindal til møregrensa, kan fylkesordføraren ikkje love pengar.

– Det er ei prioritering som eit breitt fleirtal i fylkestinget står bak, seier Åshild Kjelsnes.

«Skandale», «skam» og «fallitterklæring»

Dei siste dagane har reaksjonane på vegstandarden vore sterke. Frank Sve, fylkesleiar i Framstegspartiet i Møre og Romsdal har kalla nedprioriteringa ufatteleg. Hornindalordførar Anne Britt Øen Nygård (Sp) har kalla det ein skandaleveg. Sterkast av alle har Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) sagt det: han kalla nedprioriteringa for ei skam og ei fallitterklæring.

Åshild Kjelsnes seier det er flott at folk engasjerer seg, og ynskjer alle innspela velkomne.

– Det er gode argument å ha med seg når vi skal snakke med sentrale styresmakter for å få så høge løyvingar som mogleg til vegbygging i vårt fylke. Det syner det store dilemmaet fylket vårt har. Vi har så mange vegprosjekt som framleis ikkje er realisert eller rusta opp, seier Kjelsnes.

Fylkesordføraren seier dei jobbar kvar dag med å få mest mogleg pengar til vegbygging. Det vil koste om lag 250 millionar kroner å ruste opp vegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Ove Rygg

GODE ARGUMENT: Fylkesordføraren og andre fylkepolitikarar møtte i dag Knut Ove Rygg, som er fabrikksjef på Ekornes Grodås i Hornindal. Næringslivet har eit sterkt ynskje om oppgradering av vegen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det finst pengar

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad er meir forsonleg i tonen i dag.

– Eg skal vere veldig forsiktig med å gje karakterar til gode naboar i sør, men vegen har ikkje nådd den prioriteringa vi hadde ønska, seier Tryggestad.

Men framleis skjønar han lite av prioriteringa. Han kjøper ikkje argumentet om at det ikkje finst pengar.

Jan Ove Tryggestad

IKKJE PENGAR: Det handlar ikkje berre om pengar, men prioriteringar, seier Jan Ove Tryggestad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er det eg stiller størst spørsmålsteikn ved: kva er den saklege grunnen til at dette prosjektet har teke så lang tid? Det handlar ikkje berre om pengar, det handlar også om politisk vilje. I dette tilfelle mangel på slik vilje, seier Tryggestad.

– Vi er nøydde til å gjere noko med denne blindtarmen, seier ordføraren.

Trur ikkje riksvegstatus kan hjelpe

Nyleg tok Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal Framstegsparti, til ordet for at vegen burde omklassifiserast til riksveg, og at Møre og Romsdal skal kunne betale for vegen.

– Vi er nøydde til å sjå kva vi kan gjere for å få vegen på plass. Med ei omklassifisering til riksveg vert vegen staten sitt ansvar. Då kan vi spele ei aktiv rolle gjennom forskottering for å få gjort noko, sa Sve.

Men fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, ville ikkje love noko.

– At Møre og Romsdal fylke hundre prosent skal bygge vegen, det trur eg vi må diskutere litt. Verken eg eller andre politikarar her må love å bygge ut denne vegen utan å ha politisk ryggdekning i eige fylke, sa Aasen.

Åshild Kjelsnes har liten tru på at ei omklassifisering av vegen til riksveg, i seg sjølv vil gjere at vegstandarden vert betra.

– Då trur eg vegen hamnar i ein ny kø, og må kjempe mot mange andre riksvegar i landet. Så eg er veldig usikker på om det vil gjere at vegen kjem fortare fram i køen, seier Kjelsnes.