Hopp til innhold

Synest vi har god helse

Tre av fire i Sogn og Fjordane meiner dei har god eller svært god helse. Det kjem fram i Fylkeshelse-undersøkinga som blei gjort i vår. Men trass i at mange opplever å ha god helse, viser undersøkinga at berre 30 prosent er fysisk aktive kvar dag.