Hopp til innhold

Sumde fleire kilometer til land då båt tok inn vatn

Ein mann i slutten av 20-åra måtte kaste seg i sjøen og symje til land då båten byrja å ta inn vatn utanfor Florø søndag kveld.

SUMDE I LAND: Det er nesten eit under at det gjekk bra då ein båt byrja å ta inn vatn og gjekk ned i nærleiken av Stabben fyr søndag kveld.

– Det er kaldt i sjøen og lang avstand. Det er ein stor prestasjon å komme seg til land, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt.

Det var like over klokka 22 at mannen, iført berre boxaren, oppsøkte eit hus ved Havreneset. Mannen var nedkjølt, men elles uskadd, og fekk tilsyn av helsepersonell før han vart send til Førde sentralsjukehus.

Han var på veg frå ei av øyane til Florø då båten hans, ein 21 fot FjordViking med innanbords motor, byrja å ta inn vatn. Det opplyser politiet.

– Vi er ikkje heilt sikre på posisjon, men det skal ha vore i nærleiken av Stabben fyr. Då er det tale om fleire kilometer til land. Det er langt å symje, seier Algrøy.

Politiet har gjennom natta fått verifisert at det ikkje var fleire personar i båten, og at det ikkje var andre båtar involvert. Det er førebels uvisst kvifor båten byrja å ta inn vatn. Mannen fekk ikkje slått alarm før han måtte kaste seg i sjøen.

– Han kledde av seg for å symje betre, så han møtte i berre boxaren då han kom i land, seier Algrøy.

Stasjonssjef Wenke Hope, ved politistasjonen i Flora, seier at dei etterforskar saka som ei småbåtulukke. Dei har rutinemessig sikra seg blodprøve av mannen.