Hopp til innhold

Rutebåten var til service like før den rende i Fugleskjærskaia

Sjøfartsdirektoratet går grundig gjennom framdrifts- og styresystemet på Sylvarnes for å finne årsaka til at den køyrde rett i gjestebryggja ved Fugleskjærskaia i Florø.

KRASJA I BRYGGA: Båten frå Fjord1 mista kontrollen og køyrde inn i gjestebrygga i Florø. Ein fritidsbåt har søkke, ingen personar er meldt skadde. (Video: Egil Aardal)

Politiet har teke forklaring frå dei som var om bord i rutebåten då uhellet skjedde førre fredag .

Ut frå etterforskinga som er gjort, tyder ingenting på menneskeleg svikt.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes

ETTERFORSKAR: Kjell Magne Barsnes seier politiet no ventar på rapporten frå Sjøfartsdirektoratet sin gjennomgang av styresystemet på Sylvarnes.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Per dags dato har eg vanskar med å sjå at nokon kan lastast for det som skjedde. Då uhellet først var ute verkar det for politiet som at kapteinen har gjort det han kunne for å avgrense skadane mest mogleg, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved politistasjonen i Flora.

15 personar om bord

Sylvarnes hadde 12 passasjerar og eit mannskap på tre om bord då uhellet skjedde i 16.30-tida. Ein fritidsbåt vart rend i senk, medan to andre båtar fekk skadar. Ingen personar vart skadde.

Det vart tidleg peika på svikt i styresystemet på båten.

– Kapteinen fortel at han delvis har mista kontroll over fartøyet, opplyste Børre Eimhjellen, pressekontakt i Fjord1.

Var på service like før

Barsnes seier rutebåten var på service like før uhellet skjedde. Alt fungerte som det skulle under prøveturane.

Mest truleg endar uhellet i ei forsikringssak.

– Sylvarnes står no i dokk og sjøfartsdirektoratet skal utføre ein total gjennomgang av framdrifts- og styresystemet på båten. Vi har ikkje grunnlag til å tru noko anna enn at årsaka er systemsvikt, seier Barsnes.

Ein fritidsbåt vart rend i senk, medan to andre båtar fekk skadar. Ingen personar vart skadde.

HEVAR BÅTEN: Ein fritidsbåt vart rend i senk, medan to andre båtar fekk skadar. Ingen personar vart skadde. (Video: Egil Aardal)