Hopp til innhold

Syklistar slaktar norske vegar

Norunn og Jarle Kvam har sykla Europa på langs. Dei er ikkje i tvil: Noreg er det verste landet i Europa å vere sykkelturist i.

Jarle og Norunn Kvam

UTFORDRANDE: Jarle og Norunn Kvam meiner det er svært utfordrande å vere sykkelturist i langstrakte Norge.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

På sykkelsetet la ekteparet bak seg mellom 4530 og 4540 kilometer frå Tanger i Marokko og Hafslo i Luster .

For to år sidan sykla Norunn og Jarle Kvam også Norge på langs. Paret rangerer Norge heilt på botn når det gjeld farlege vegar og bilistar.

– Det er det ingen tvil om. Her har vi vegar som verken bilistar eller syklistar fortener, seier Jarle.

Stor konflikt

Konflikten mellom syklistar og bilistar er stor i Norge. På nettsamfunnet Facebook har gruppa «Vi som hatar syklistar» kring 300 medlemer.

På sykkeltur

I MÅL: Norunn og Jarle Kvam sykla i vår frå Marokko til Sogn og Fjordane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tronge vegar, kombinert med ein mangel på gjensidig respekt fører til at det i snitt døyr ein syklist i månaden på norske vegar. Ekteparet frå Hafslo er også mellom dei 70 prosent av syklistar som har opplevd truande eller aggressive bilistar.

– Det var også ein som kasta ei flakse ut vindauget. Han gjorde det med vilje, men eg veit ikkje om han tenkte følgjer med det han gjorde, seier Norunn.

– Fantastiske Nederland

Episoden ho skildrar skjedde då dei sykla Norge på langs i 2011. For då fekk dei verkeleg oppleve den norske syklist mot bilist-konflikten. I tillegg opna ein døra og spurte om han skulle «ta dei med døra».

– Det var ikkje særleg kjekt å oppleve, seier Jarle og legg til at det var ei heilt anna oppleving å sykle Europa på langs. Spesielt i Nederland hadde dei mange gode opplevingar.

– Der var det heilt fantastisk. Det er skilta betre enn bilvegar og sykkelstiar overalt, seier han.

– Turistane flinkast

Kommunikasjonsrådgjevar Nils Fredrik Lysbo hos Statens vegvesen tykkjer det er trist å høyre, og veit ikkje heilt om han vil tru på, at Norge er det verste landet i Europa for syklistar.

Farlig hull

ILLUSTRASJON: Det er ikkje berre sinte bilistar, men også vegstandarden som gir syklistar utfordringar på norske vegar.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy

– Men likevel viser våre undersøkingar at mange norske syklistar har opplevd aggressive og trugande bilistar. Det er noko vi må ta tak i, seier han.

– Eg er oppteken av å sjå kvar dei kjem frå, og ser då på registreringsnummeret. Då ser eg at turistane som ferierer i Norge er flinkare enn nordmenn generelt til å ta omsyn her i landet, stadfestar Norunn.

– Vis respekt

Vegvesenet har nyleg lansert haldningskampanjen «Del vegen» for å gjere noko med situasjonen.

Syklist

ILLUSTRASJON: Syklistar og bilistar kjem ofte i konflikt på vegane i Norge.

Foto: Colourbox

Lysbo oppmodar mellom anna syklistar som syklar fleire saman om å sleppe forbi bilistar og bilistar til å køyre forbi med god margin til syklisten eller syklistane.

– Det gjeld eigentleg å ha respekt for andre, vise vanleg høflegheit og innsjå at begge partar har like rettar til vegen, seier han.

– Inga lett løysing

I Luster er Jarle Kvam usikker på om dette er noko som lar seg gjennomføre.

– Vegstandarden ligg til botn. Og eg skjønar godt bilistar som blir forbanna på syklistar. Men eg trur ikkje at gjensidig respekt er ei lett løysing på kort sikt, avsluttar han.