Hopp til innhold

Syklist og bil i trafikkuhell

FØRDE (NRK): Ein bil og ein syklist har vore involvert i eit trafikkuhell i Førde.

Syklist støytte saman med bil i Hafstadvegen.

SAMANSTØYT: Ein gut på sykkel har støytt saman med ein bil i Hafstadvegen i Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Uhellet skjedde i Hafstadvegen. Politiet opplyser på Twitter at det er ein gut på sykkel som har støytt saman med ein bil.

– Det er eit mindre samanstøyt mellom ein syklist og ein personbil på ein stad med litt dårleg sikt. Syklisten har gått over styret og slått handa si, seier innsatsleiar Gunnar Englund i politiet.

Guten vart sett til av helsepersonell på staden og tatt med til legevakta.

– Det var ein tenåring og han sykla utan hjelm. Heldigvis fekk ikkje det konsekvensar i dette tilfellet, men eg oppmodar alle om å bruka hjelm, seier Englund.

Han roser også innsatsen til føraren av bilen og augevitne som kom til staden.

– Dei såg til guten og gjorde alt riktig før ambulansen og naudetatane kom til staden, seier Englund.

Syklist mot bil