NRK Meny
Normal

Syklist (28) alvorleg skadd i påkøyrsle

Ei 28 år gamal kvinne er lagt inn på intensivavdelinga etter ei påkøyrsle ved Evja i Florø.

Førde sentralsjukehus vinter

ILLUSTRASJON: Tilstanden er alvorleg for den 28 år gamle kvinna som vart påkøyrd i Florø onsdag morgon.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at kvinna er alvorleg skadd og ligg til observasjon.

– Syklisten er skadd, men vaken, opplyste politiet kort tid etter påkøyrsla.

Ulukka vart meldt 0817 og naudetatane var raskt framme. Vegen var ein periode stengd grunna ulukka.

Det har også tidlegare skjedd fleire uhell i fotgjengarfeltet der kvinna vart påkøyrd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.