Hopp til innhold

Syklande politisjef: – Bilistane syndar ved forbikøyring

Bilistar feilvurderer farten til syklistar på landevegen. Det skapar farlege situasjonar, meiner politisjef Arne Johannesen.

Syklist uten blindsone

BEGGE HAR RETT PÅ VEGEN: – Syklisten og bilisten har like stor rett på vegen, så begge må følge trafikkreglane, meiner politisjefen. Illustrasjonsfoto.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

– Mange er ikkje flinke nok til å rekne ut farten til ein landevegssyklist. Eg har både sett og opplevd bilistar som legg seg for kjapt inn framfor syklisten etter ei forbikøyring, seier Johannessen som er leiar for politiet i Sogn og Fjordane.

Eit vårteikn like sikkert som pollen er inntoget av syklistar på landevegen. For bilistar kan det vere kjelde til irritasjon, og det kan fort oppstå skumle forbikøyringar.

Johannessen legg bak seg fleire mil på sykkelsetet, og har sjølv opplevd nokre situasjonar han skulle vore forutan. No meiner politisjefen at bilistane må lære seg at syklistane ofte har høgare fart enn kva ein trur.

– Tenk på same måte når du køyrer forbi ein motorsykkel eller ein bil. Du må vere sikker på at du kan gjennomføre ei trygg forbikøyring. Sjølv har eg måtte bråbremse på sykkelen, seier han.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

SYKLIST OG POLITI: Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner syklistane og bilistane er flinke til å ta omsyn til kvarandre. Likevel er han uroa for forbikøyringar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trygg trafikk: – Bilistane må ikkje presse seg fram

Konfliktnivået har til tider vore skyhøgt mellom bilistar og syklistar. Tal frå Trygg Trafikk syner at kollisjonar utgjer ein av fire sykkelulukker. Bilar er motparten i 64 prosent av kollisjonane.

– Når ein bilist pressar seg fram på vegen er det fort gjort å komme for nær syklistane. Både lufttrykk og dragsug kan føre til ein farleg velt. Dette gjeld spesielt større køyretøy. Det er den som skal køyre forbi som må ta omsyn, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad.

Han trur mange bilistar kan hisse seg opp over syklistar som syklar i store grupper, og har difor ei klar oppmoding til alle på to hjul.

– Ikkje ligg i for store flokkar på landevegen. Vi anbefaler å sykle maks to og to i breidda, seier Heggestad.

Faktisk.no har sjekka ut ein påstand om at syklistar ikkje har lov til å sykle fleire i breidda, og konkluderte med at det er feil.

Audun Heggestad

VIS OMSYNS: Distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, har ein klar bøn om at bilistar og syklistar må ta omsyn til kvarandre.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Meiner bilistane har det største ansvaret

Vegtrafikklova gir syklistar den same retten til å ferdast på vegen som bilane. Ved ei forbikøyring bør bilisten vere minst ein og ein halv meter unna syklisten, og syklisten bør halde seg ein meter frå den kvite stripa.

– Syklisten og bilisten har like stor rett på vegen, så begge må følge trafikkreglane. Syklisten er den mjukaste trafikanten av dei to, noko som gjer at det ligg eit ekstra ansvar på bilisten, seier Johannessen.

Han legg likevel ikkje skjul på at syklistane må ta sin del av ansvaret.

– Det er ikkje tvil om at syklistar skal vise omsyn, for det er openbart at syklistar kan provosere fram ulike situasjonar. Likevel er det bilisten som har det største ansvaret, seier Johannessen.