Hopp til innhold

Sykkelrittet gav dårleg butikkdag

FØRDE (NRK): Sykkelrittet Tour des Fjords samla mykje folk langs heile løypa på onsdag, og kanskje særleg i målområdet i Førde. Likevel fekk ikkje butikkane noko å juble over.

Mariann Bruland ved Match Førde

DÅRLEG DAG: Mariann Bruland ved Match Førde er positiv til sykkelrittet Tour des Fjords, men må innrømme at det var ein dårleg butikkdag.

Foto: David Kandal / NRK

– Det var stille heile dagen, men i frå klokka fire og utover var det heilt stilt, seier butikksjef ved Match i Førde Mariann Bruland.

Rundt klokka seks onsdag kveld var det klart for målgang midt i Førde sentrum, og folk strøymde til frå alle kantar for å få med seg hendinga. Fleire NRK har prata med i handelsnæringa fortel likevel at dei ikkje opplevde noko oppsving i handelen i samband med rittet.

I fleire timar før ryttarane kom inn til Førde sentrum var viktige vegar heilt stengde, og det var vanskelegare enn normalt å ta seg inn til byen. Det merka dei godt på klesbutikken Match.

– Vi tenkte jo ikkje at det kom til å bli noko stor handelsdag. Folk var vel i Førde på grunn av rittet, og ikkje for å handle.

Sjå bileta frå Tour ndes Fjords i fylket.

Tour des Fjords - utbrytarane går gjennom Førde
Foto: Thomas Brakstad / NRK

Har forståing for stenging

Bruland har stor forståing for at det var naudsynt å stenge av vegane i samband med konkurransen, og tykkjer det er positivt for Førde å få arrangert noko slikt.

Likevel skulle ho helst ha sett at det var litt enklare å ta seg fram i Førde sentrum onsdag.

– Det er klart det hadde vore best for oss.

Ansvarleg for det store sykkelrittet, Vidar Slettehaug, seier at dei har hatt god kontakt med næringslivet i Førde i forkant av rittet på onsdag.

– Vi har hatt ein tett dialog, og eg opplever at butikkane har hatt forståing for at det måtte bli slik det vart når vi stengde vegane. Det har vel litt med kva slags forventningar ein hadde til dagen.

Vidar Slettehaug

NØGD: Vidar Slettehaug er strålande fornøgd med arrangeringa av Tour des Fjords.

Foto: David Kandal / NRK

– Har gitt positiv merksemd

Slettehaug seier at sjølv om det kanskje var ein dårleg handelsdag, var det likevel ein veldig positiv dag for Førde og for Sogn og Fjordane.

– Vi gjorde jo ikkje dette for å få meir handel. Vi har fått mykje positiv merksemd, flotte fjernsynsbilete, og ein folkefest. Då sit vi att med at vi har fått profilert regionen på ein veldig god måte.

Slettehaug trur ikkje dette blir siste gong ein arrangerer Tour des Fjords her i fylket.

– Dei aller fleste tilbakemeldingane vi har fått har vore positive, både frå publikum og frå folk som har vore med. Dette har vore eit stort løft, og eg veit at dei som står bak Tour des Fjords ikkje er negative til å ha det her ein gong til.