Etter ein fredag med blanding av sol og regnbyer, viser laurdag seg frå ei vennleg side. Nordfjordeid var bada i sol laurdag føremiddag, så Malakoff-publikumet kan tenke på andre ting enn regnjakker og våte soveposar.
Medan dei første artistane gjekk på scena i solskinet, var festivalfolket å finne på graset framfor scenene, men òg på campen, i elva, eller i fjorden.
I Nordfjordeid sentrum var det sydenstemning og lettkledde folk med god tid, rusla rundt i gatene.
Festivalbad
Eidselva, like ved festivalområdet, er full av badande festivalgjestar. Her koser Sindre Viberg seg saman med venane frå Naustdal. Dei har sete opp campingstolane på elvebreidda og slappar av i sola.
– Det er flott at det er fint vêr, men det blir fest sjølv om det regnar òg. Vêret speler eigentleg ei lita rolle, synest eg. At det er slik som det her no, er berre bonus, seier han.
For gjengen frå Naustdal er det viktig å kose seg, og så sjå nokre konsertar innimellom.
– Vi såg eit par konsertar i går, men vi er mest i campen, det er ikkje til å stikke under stol, seier Sindre Viberg, som har større ambisjonar om å sjå konsertar i dag.
Solcamping
På festivalcampen i Malakoff-området har mange pakka ned presenningane dei var avhengige av då nokre byger innimellom sørga for å vatne festivalområdet godt, på fredag.
Lena Eide og Martine Kvamme er på Malakoff for første gang, og sit i solsteika i campen.
– Det gjorde susen med fint vêr no. I går sat vi under ein presenning men der er den, seier dei og peiker på presenningen som ligg henslengt ved eit telt.
Den er det ikkje bruk for no lenger.