Hopp til innhold

Sydenstemning på Malakoff

Festivalfolket på Nordfjordeid vakna til sommarsol og varme laurdag, og visste å nytte seg av det gode vêret.

Alf Cappodanno

PLASK: Alf Cappodanno frå Ålesund hopper i fjorden for å kjøle seg ned litt. Han og venene bur i festivalcampen og er glade for sommaridyll på festival.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Etter ein fredag med blanding av sol og regnbyer, viser laurdag seg frå ei vennleg side. Nordfjordeid var bada i sol laurdag føremiddag, så Malakoff-publikumet kan tenke på andre ting enn regnjakker og våte soveposar.

Medan dei første artistane gjekk på scena i solskinet, var festivalfolket å finne på graset framfor scenene, men òg på campen, i elva, eller i fjorden.

Malakoff 2016
Foto: Øystein Torheim

I Nordfjordeid sentrum var det sydenstemning og lettkledde folk med god tid, rusla rundt i gatene.

Festivalbad

Malakoff 2016

ELVEBREIDDA: Sindre Viberg frå Naustdal slappar av med vener, ved Eidselva.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Eidselva, like ved festivalområdet, er full av badande festivalgjestar. Her koser Sindre Viberg seg saman med venane frå Naustdal. Dei har sete opp campingstolane på elvebreidda og slappar av i sola.

– Det er flott at det er fint vêr, men det blir fest sjølv om det regnar òg. Vêret speler eigentleg ei lita rolle, synest eg. At det er slik som det her no, er berre bonus, seier han.

For gjengen frå Naustdal er det viktig å kose seg, og så sjå nokre konsertar innimellom.

– Vi såg eit par konsertar i går, men vi er mest i campen, det er ikkje til å stikke under stol, seier Sindre Viberg, som har større ambisjonar om å sjå konsertar i dag.

Solcamping

Martine Kvamme og Lena Eide

I CAMPEN: Martine Kvamme og Lena Eide frå Førde er begge på Malakoff for første gang. I går sat dei under ein presenning i ly for regnbyene, men i dag er presenningen rydda vekk.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

På festivalcampen i Malakoff-området har mange pakka ned presenningane dei var avhengige av då nokre byger innimellom sørga for å vatne festivalområdet godt, på fredag.

Lena Eide og Martine Kvamme er på Malakoff for første gang, og sit i solsteika i campen.

– Det gjorde susen med fint vêr no. I går sat vi under ein presenning men der er den, seier dei og peiker på presenningen som ligg henslengt ved eit telt.

Den er det ikkje bruk for no lenger.