NRK Meny
Normal

Svingte unna for hjort – køyrde i fjellveggen

Ein person er køyrt til sentralsjukehuset i Førde etter eit trafikkuhell ved Storebru i Flora.

Bilulukke Flora

FULL STOPP: Her enda turen til den uheldige bilføraren, etter at ein hjort dukka opp i vegbana.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka fem. Då hadde ein ambulanse, som tilfeldigvis køyrde forbi, tatt med seg føraren av bilen.

Politi og brannvesen rykte ut til ulukka. Det er enno ikkje kjent kor hardt bilføraren er skada.

– Han skal ha gjort ein unnamanøver for ein hjort og hamna utfor vegen. Etterpå klaga føraren over smerter i nakken og vart teken med til sjukehus for ein sjekk, seier Espen Gulliksen ved operasjonssentralen i Florø.

Etter ulukka hamna bilen utfor vegen og stengjer ikkje for trafikken.

Bilulukke i Flora

MODERATE SKADER: Bilen fekk moderate skader i fronten etter samanstøyten med fjellveggen.

Foto: Truls Kleiven / NRK
Laster kart, vennligst vent...
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser