Hopp til innhold

Svineinfluensa i Sogndal

Ein Sogndal-spelar har vore sett i karantene etter at han fekk påvist svineinfluensa.

– No er det ikkje meir å gjere. Han er frisk og fri for smitte, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngvé Hallen til NRK Sogn og Fjordane.

– Alltid påpasselege

Han fortel at fotballklubben alltid er påpasselege med smittefare og hygiene sidan spelarane jobbar så tett på kvarandre.

– Vi har tiltak heile året knytta til hygiene; til dømes får ikkje spelarane dele drikkeflaske. Vi har vurdert ekstratiltak no i desse svineinfluensa-tider, men vi har fått beskjed om at dei tiltaka vi har er tilfredsstillande, seier Hallen.

Han håpar at eit eventuelt utbrot vert spreidd utover hausten, slik at ikkje alle spelarane vert sjuke samtidig.