Hopp til innhold

Svineglatte vegar: Måtte snu på veg til julefeiring

Kjell Moe skulle til Bremanger for feire jul, men så langt kom han aldri. Det er vanskelege køyreforhold mange stadar julaftan.

Glatt på fylkesveg 614

GLATT: Det er spesielt glatt opp bakkane mot krysset til Nordalsfjorden, og ved inngangen til Magnhildskartunnelen ved Florø-sida.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Han bur i Førde og køyrde på riksveg 5 for å feire jul med fleire av borna sine. Der var det greitt å køyre, men så blei det verre.

– Eg køyrer piggfritt, og dette var ikkje noko hyggeleg før. Då eg kom til Grov så såg eg galskapen, fortel han.

Det var 10–15 centimeter med slaps, og han seier han eigentleg burde snudd ved Grov.

– Det var så glatt at det var så vidt eg klarte å stoppe då eg kom over Norddalsfjordbrua. Det er slake bakkar der, og eg låg og flaut oppå slapset. Eg køyrde til Haukå, men der blei det stopp. Eg tok ikkje sjansen på å køyre vidare.

Han valde å snu, og køyre heim igjen til Førde.

– Det var eit grusomt føre. Eg køyrde 30–40 km/t, og det var på hogget at det gjekk bra. Men eg er van med desse vegane, eg har snudd tidlegare også.

Han meiner at dei som skal køyre her, men vere godt skodde.

– Ein bør ha piggdekk og helst firehjulstrekk skal ein komme seg over der. Og Magnhildskaret er jo eit problemområde, spesielt på sørsida.

Han har bestemt for å ikkje prøve igjen seinare i dag.

– Dette er ikkje eit godt føre for min bil. Eg skulle feire jul der, men eg har andre eg kan feire med i Førde, så det går bra.

Det kan bli vanskelege køyreforhold og glatte vegar på julaftan mange stader, ikkje minst i områda rundt Oslofjorden.

Glatt på fylkesveg 614