Svindlaren har ringt over 40 gonger

40 til 50 gonger har Inger Merete Øygard og Morgan Ølnes blitt oppringde av ein ukjend mann som forsøkjer å svindle dei. Paret ventar berre på neste telefon. – Vi forstår ikkje kvifor han ikkje gjer seg.

Inger Merete Øygard

FORSØKT SVINDLA: Inger Merete Øygard opplevde at svindlaren lo av ho då ho uttrykte sin skepsis. Neste gong han ringer

Foto: privat

Dei nye datasvindlarane gjer seg tydelegvis ikkje lett. I over ein månad har ein ukjend mann forsøkt å lure paret i Sogndal til å la han få tilgang til datamaskina. Mannen har blitt kontant avvist kvar gong, men gir seg ikkje.

– I løpet av den siste månaden har han gjerne ringt 40 til 50 gonger. Vi ser det er same person på nummeret, og har berre snakka med han fem gonger. Kvar gong seier vi at vi ikkje er interesserte, men mannen som snakkar gebrokkent engelsk held fram å ringe, seier Øygard som er byrja bli svært oppgitt.

Slik jobbar dei nye datasvindlarane

Ei ny form for datakriminalitet har dei siste månadene feia inn over Norge. Folk vert oppringte av engelskspråklege personar som fortel at datamaskina deira er blitt hacka og infisert av farlege virus. Om ein ikkje følgjer instruksjonane slik at vedkommande kan stogge angrepet, så vil datamaskina krasje og ein vil miste alt som er på den.

Men går du på limpinnen kan du i verste fall risikere at personen i andre enden av telefonlinja får fullstendig kontroll over datamaskina di, med både bilete, dokument og anna personleg informasjon.

– I neste omgang er dei som gir slike svindlarar tilgang i risikosona for ID-tjuveri, seier politiførstebetjent Marianne Føleide ved Økoteamet i Sogn og Fjordane politidistrikt.

«Hello, it's Dave»

Inger Merete Øygard og mannen Morgan Ølnes ante ugler i mosen allereie første gongen den ukjende mannen ringde. Mannen oppførte seg ikkje slik Øygard ventar av ein som skal hjelpe deg med dataproblem.

– Han presenterer seg som ”Dave from IT-company”, men har ikkje noko etternamn. Han høyrest useriøs ut, men samtidig er det jo eit realistisk problem for så vidt, seier Øygard.

Det var mannen hennar, Morgan Ølnes som prata med svindlaren dei fire første gongane. Mannen ville at paret skulle logge seg inn på ei nettside med ein kode og at han så skulle hjelpe dei med å bli kvitt virusa på maskina. Kvar gong fekk han svaret: «Vi er ikkje interesserte». Det fekk mannen i andre enden til å reagere.

– Ikkje interessert spør han då og høyrest heilt oppgitt ut. Han lo av oss fordi vi ikkje var interesserte i å få ordna opp i eit så alvorleg problem, fortel Øygard om oppringingane.

Velbrukt svindlarmetode

I Microsoft Norge er dei kjende med framgangsmåten. Datakriminalitet har lenge hatt ulike innpakningar og no er det altså svindlarar som ringer tilfeldig frå telefonlista.

– Vi har sett slikt tidlegare år i engelskspråklege land, men frå i vår har vi sett og høyrt om fleire tilfelle i både Norge og Sverige. Det varierer veldig, men vi kan få fleire meldingar for dagen, seier tryggleikssjef Tom Seierstad til NRK.no.

Seierstad fortel at det er blitt ein vanlegare metode blant datakriminelle å spele på folk seie frykt. Han fortel at dagens «virus» er mindre synlege på datamaskina, men at dei fleste antivirusprogram vil oppdage dette.

Seierstad seier det er fleire ting oppringjarane prøver å lure deg inn på.

– Det eine er å betale 199 pund for eit verkty som skal fjerne hacking-programvare. Eigentleg får du eit nytt svindelprogram installert. Det andre er å laste ned verkty frå ei webside, men ein kan også bli beden om å overlate kontrollen av datamaskina til vedkommande som ringer. Det han gjer, er å lage ei bakdør, held Seierstad fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Tom Seierstad, Microsoft

LEGG PÅ: Er oppmodinga frå Tom Seierstad i Microsoft Norge til folk som får telefon frå svindlarane.

Foto: Microsoft

Fryktar spesielt eldre kan la seg lure

Øygard og mannen i Sogndal forstod allereie frå starten av at dette var juks og fanteri. Til no har mannen ikkje kome så langt at han har bede dei om pengar, men mannen held fram med å ringe annakvar dag, så truleg har han ikkje gitt opp å lure paret.

– Førre gong han ringte var det eg som prata med han. Då eg bad han sende ein e-post, sa at han den kom ikkje til å bli lest. Eg sa vidare at eg ikkje stolte på han og at han virka uprofesjonell. Då blir han berre oppgitt, seier Øygard som fortel at mannen er pågåande, men til no ikkje har vore direkte uhøfleg.

Øygard fryktar mange som ikkje har så mykje kunnskap om dataproblem og svindel lett kan la seg svindle.

– Eg tenkjer på dei som er litt eldre, som kanskje er litt godtruande og ikkje kjenner så godt til data og IT-system. Eg trur så absolutt at enkelte kan la seg lure, seier Øygard.

– Mange maskiner i Sogndal hadde allereie krasja

For svindlarane kan framstår som svært overbevisande. Mellom anna spurde han Øygard om datamaskina deira hadde vore treig i det siste, og sa at dette var på grunn av at den var hacka.

– Han fortalde og at det var mange andre som bur her i Sogndal som allereie hadde opplevd at datamaskina hadde krasja på grunn av dei problema han hevdar vi har.

Ikkje ta diskusjonen

Både politiet og Microsoft Norge åtvarar folk om å la seg lure av dei oppfinnsame svindlarane. Seierstad i Microsoft Norge oppmodar folk som får slike telefonar til å leggje på, og ikkje ta opp noko diskusjon med personen i andre enden.

Han oppmodar også folk om å melde frå til politiet om ein blir forsøkt svindla.

– Tilfelle vi kjenner til rapporterer vi til våre etterforskarar, som saman med politiet prøver å finne ut kven som står bak. Men det er vanskeleg for politiet å gjere noko så lenge ein ikkje har noko spor å gå etter, seier han.

Øygard ventar berre på at mannen skal ringe igjen. Dei mange telefonnummera han ringer frå er no sende vidare til politiet.

– Neste gong han ringer kjem eg til å gje grei beskjed om at vi no har kontakta politiet. Eg veit ikkje noko anna å gjere.