NRK Meny
Normal

Svindlarar lurer Bieber-fans - og politiet let dei sleppe unna med det

Under falsk identitet la ein mann ut konsertbillettar, bøker og plater på nettet for å lure unge fans av Justin Bieber og One Direction.

Justin Bieber og Per-Odd Grevsnes

UTNYTTAR BIEBER-HYSTERI: Justin Bieber kjem snart til Oslo igjen - det prøver enkelte ut utnytte for å svindle til seg pengar. Det fekk Per-Odd Grevsnes erfare.

Foto: PHIL McCARTEN/Arve Uglum, NRK (Montasje) / Reuters

Det ville politiet late han sleppe unna med – heilt til han stal identiteten til dagleg leiar Per-Odd Grevsnes i Sogn Næring

– Eg fekk plutseleg telefonar frå foreldre som etterlyste ting som dei hadde kjøpt på nett. Eg skulle vere den som hadde seld artiklar som hadde med Justin Bieber å gjere. Det var billettar eller signerte artiklar. Då telefon nummer tre og fire kom, forstod eg at det var noko «muffens», fortel han.

Bestilte CD – fekk aldri pakke i posten

Andre Eilertsen er ein av dei som ringte. Til jul fann han ei annonse på finn.no med ein signert cd frå boybandet One Direction han ville kjøpe til yngstedottera. Seljaren kalla seg «Per i Sogn Næring».

– Eg såg at han var dagleg leiar i Sogn Næring og på meg virka det påliteleg. Eg sende av garde 500–600 kroner i håp om at eg skulle få CD-en før julaftan. Etter ei veke, sendte eg e-post for å høyre om den snart kom. Eg fekk aldri noko svar.

Svar fekk han først då han oppretta ei falsk e-postadresse og utga seg for å vera ein ny kjøpar.

– Dersom eg overførte pengar til ein konto, så skulle CD-en sendast med ein gong. Då forstod eg det var ein person som utnytta folk for å tene ein slant.

Held seg til under 1000 kroner

Eilertsen trur svindlarane konsekvent held seg til varer under 1000 kroner.

– Då veit svindlarane at sakene nesten automatisk blir lagt vekk. Dei kan berre halde fram aktiviteten og få pengar av mange utan at det får konsekvensar. Eg gjekk til politiet på Austlandet, men det tok ikkje lang tid før saka var lagt vekk.

Ønskjer politiet etterforskar meir

Tryggleiksrådgjevar Geir Petter Gjefsen i finn.no seier dei gjerne skulle sett at politiet hadde moglegheit til å etterforske fleire av desse sakene. Han trur årsaka kan vera at sakene er spreidd ut over landet – i enkeltbeløp under 1000 kroner.

– Det er heilt klart eit problem fordi dei ikkje klarer å knytte sakene mot kvarandre, seier Gjefsen.

Tilstod alt

Men akkurat i saka i Sogn var omstenda litt spesielle. Gjerningsmannen hadde stole ein identitet – attpåtil frå ein sambygding i Sogndal. Og då det vart meldt, la ikkje politibetjent Erik Skjerdal ved Sogndal politistasjon vekk saka.

– Det er meir alvorleg når det er identitetstjuveri. Vi har teke inn ein mistenkt til avhøyr og han har tilstått det han er meld for. Saka er no oppklart frå vår side.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå