Svindla si eiga bestemor

Ein mann i 30-åra frå Nedre Eiker er tiltala for å ha svindla bestemor si i Sogn for 900 000 kroner. Det melder Drammens Tidende. Mannen er domfelt fleire gonger tidlegare. Saka skal opp for retten i slutten av februar.