Hopp til innhold

Økonomiansvarleg underslo 170.000 kroner frå prisvinnande arbeidsgjevar

Tilsettingsforholdet med ei prisvinnande verksemd vart av det kortvarige slaget for kvinna i 40-åra. No er ho dømd for underslag.

Det var verksemda sjølv som i fjor fatta mistanke om at pengar forsvann frå kontoen.

Like etter vart kvinna, som hadde økonomiansvar, pågripen på veg ut av landet. Ho la alle korta på bordet etter kort tid.

170.000 kroner

Kvinna erkjende å ha overført nær 170.000 kroner til eigen konto over tre månader i fjor.

Overføringane var merka slik at det skulle sjå ut som om pengane gjekk til betalingsmottakarar som stod på verksemda si liste.

Påtalemakta la ned påstand om 120 dagar i fengsel, medan forsvararen hennar meinte 60–90 dagar var meir passanden. Han bad om samfunnsstraff.

Trua av kriminelt miljø

Kvinna medverka sjølv i etterforskinga og fortalde kva fakturaer og beløp ho urettmessig hadde overført til seg sjølv. For det fekk kvinna 1/3 rabatt i fengselsstraffa.

Under etterforskinga forklara kvinna at ho var utsett for eit betydeleg press frå eit kriminelt miljø i Sverige, og nemnde konkrete døme på situasjonar der ho var trua på livet.

Skulle betale gjeld

Tingretten la vekt på at den første overføringa skjedde i samband med at ho skulle til Sverige for å betale avdrag på gjelda si. Også dette fann retten formildande.

Retten landa på at 75 dagar fengsel var passande. Av dette slepp kvinna å sone 45 dagar, dersom ho held seg unna lovbrot dei neste to åra.

Ho må også betale tilbake pengane ho har underslått, då med unntak av vel 40.000 kroner som kvinna har uteståande hos sin tidlegare arbeidsgjevar.