NRK Meny

Svindla NAV for 170 000 kroner

Mannen i 30-åra opplyste ikkje på meldekortet at han var i arbeid. Men det fann etaten sin registreringskontroll raskt ut av.

Oddleif Løseth
Journalist

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I tråd med påstanden til aktor er mannen no dømd til fengsel i 75 dagar for svindelen. Han må også betale sakskostnadane på 4 000 kroner.

I alt meiner Sogn tingrett at mannen urettmessig fekk utbetalt 170 000 kroner.

Det var hausten 2012 at mannen mista jobben og fekk innvilga dagpengar frå det lokale NAV-kontoret i Sogn. I alt fylte han ut og sende inn 15 elektroniske meldekort, før dagpengane vart stogga i august året etter.

Då var mannen flytta til ein annan stad i landet, og verken møtte på jobbklubb eller svarte på henvendingar frå NAV.

Etter at NAV Registreringskontroll avdekka at mannen faktisk var i arbeid i delar av perioden han fekk dagpengar, vart saka meldt til politiet. Mannen viste seg framleis å vere vanskeleg å få kontakt med.

I retten hevda han å ikkje ha fått eller lest fleire brev frå både politiet og NAV. Sogn tingrett oppfatta mannen slik at han meinte han hadde krav på pengane, då han ikkje var i fast arbeid.

Retten la noko vekt på at mannen har vanskar med å setje seg inn i komplisert materiale, men er likevel usikker på kvifor han hadde ei slik oppfatning. Dokumenta i seg sjølv ikkje skulle gi noko indikasjon for ei slik oppfatning.

Sorenskrivar Harald Hjermann meiner det bør vere nærliggande om heile eller delar av straffa blir sona med fotlenke.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar