NRK Meny
Normal

Vart forsøkt svindla på Facebook - fagfolk ber folk lære av dei unge

Denne veka fekk Anbjørn Ringereide frå Førde eit tilbod på Facebook han kunne tene fleire millionar kroner på. Tilbodet var for godt til å vere sant, og det heile var eit forsøk på svindel.

nettsvindel

FORSØKT SVINDLA: Anbjørn Ringereide er overraska over at nettsvindlarar har byrja å bruke Facebook for å lure folk.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Det er skremmande at dei har funnet fram til min private konto på Facebook, seier Ringereide.

Meldinga som tikka inn i innboksen var frå ein mann som sa han var ein amerikansk general i Afghanistan. Rett etter ein bombeeksplosjon hadde han kome over ein pakke som inneheldt 1,2 millionar dollar, og desse pengane ville han ha med seg til Dubai, og vidare til USA. Dette ville han ha Ringereide si hjelp til mot at han skulle få 20 % av summen.

Skjøna fort at det var svindel

– Eg såg med ein gong at dette var eit forsøk på svindel. Vi var jo ikkje vener på Facebook, så eg skjøna at her var det noko muffens, fortel Ringereide.

Han fortel at han syns det er skremmande at svindlarar no har byrja å bruke folk sine private Facebook-kontoar for å gjere svindel.

– Det er jo her eg har kontakt med mine private vener så eg syns ingenting om å få slike meldingar i innboksen min, seier Ringereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

svindel

GOD HISTORIE: Å tene fleire millionar på ein flytur var litt for godt til å vere sant, seier Ringereide.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Ringereide seier han kjenner fleire som har blitt usatt for svindelforsøk, og fleire som har tapt pengar på dette.

– Ein kompis fekk ein telefon frå nokon som sa dei ringde frå selskapet Microsoft. Dei sa han måtte laste ned eit dataprogram for at datamaskina ikkje skulle bli øydelagd, det programmet var då sjølvsagt ein måte å svindle han på, fortel Ringereide.

Kraftig auke i nettsvindel

Når det kjem nye plattformar, så kjem svindlarar og svindelforsøka der og. Det seier Christian Meyer, seniorrådgjevar i Norsk senter for informasjonssikring.

– Svindlarane går der dei finn flest menneske. Facebook har jo passert ein milliard brukarar, og er blitt blant dei største kommunikasjonskanalen. Då er det naturleg at dei som driv med svindel vil vere der, fortel Meyer.

Meyer fortel at folk har blitt flinkare til å kjenne igjen svindel, men at å bruke Facebook er ein måte å komme inn i privatlivet til folk.

Han fortel at han har kjennskap til at svindlarar no har byrja å bruke Facebook, og trur at dette kjem til å bli meir utbredt, og at folk må passe seg for dette fenomenet.

– Det er viktig å ha antennene ute, og verre kritisk til meldingar frå folk ein ikkje kjenner, seier Meyer.

Finst måtar å verne seg på

Seniorrådgjevar i Datatilsynet, Guro Skåltveit, seier at folk bør vere flinkare til å reservere seg mot meldingar frå ukjende.

På Facebook kan ein til ein viss grad styre kven ein får meldingar frå, seier ho.
Skåltveit fortel at ein kan gå inn i kontoinnstillangane og gjere visse innstillingar som gjer deg meir privat.

– Då unngår du surr og rot og svindelforsøka. Det oppmodar eg alle til å gjere, fortel ho.

Skåltveit seier at dersom ein ikkje veit korleis ein gjer det, kan ein spørje nokon om hjelp.

Guro Skåltveit

MÅ BLI FLINKARE TIL Å VERNE SEG: Guro Skåltveit i Datatilsynet fortel om fleire måtar ein kan verne seg mot nettsvindlarar.

Foto: Datatilsynet/pressebilde

– Trenden er at dei unge er flinke med å verne det dei har. Dei lukkar profilane sine i større og større grad. Og kanskje det er generasjonen over som treng hjelp til å få lukka og ordna kontoen sin. Då kan ein unngå ubehagelege meldingar, seier Skåltveit.

Ho seier at folk bør vere obs på at slike svindelforsøk kan oppstå på andre plattformer og. Til dømes er instagram ein forholdsvis ny teneste som folk bør vere obs på at det kan komme slike meldingar på.

Ringereide seier han håpar dette ikkje blir meir utbredt, og håpar å at folk klarer å sjå kva som er svindel om dei tek imot slike meldingar.

– Heldigvis såg eg med ein gong at dette var svindel, det var liksom litt for godt til å vere sant, ler Ringereide.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast