Hopp til innhold

Sviktande behandling av demente

Demenspasientar i kommunane Gloppen, Gaular og Florø er ikkje sikra god nok behandling.
 

Det kjem fram av tilsyn som utført i kommunen i vår.Det vart funne alvorlege avvik på medikamenthandteringa i alle kommunane.

 
I tillegg er behandlinga av dei eldre demenspasientane dårleg dokumentert.

Fylkeslege Petter Øgar er ikkje overraska over funna, men seier dårleg medikamenthandtering kan få alvorlege følgjer.

Han forventar at kommunane no ryddar opp.