Rasteplassen på Svidalsneset er mykje brukt av både tungbilsjåførar, turistar og lokalfolk, og om sommaren vert også dei to badelagunane nytta i fint vêr.
– Rasteplassen vart bygt tidleg på 1990-talet og sanitærbygget som stod der hadde behov for ei omfattande rehabilitering, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.
Løysinga vart å rive heile bygget og bygge nytt. I tillegg har ein tatt igjen heile parkeringsplassen og laga til to oppstillingsplassar for trailerar. Kostnaden på heile prosjektet er 15 millionar kroner.
– Vi har og lagt betre til rette for handikappa, blant anna med ein rampe der det står bord, seier Huseklepp.
Den nyopprusta rasteplassen på Svidalsneset ved Jølstravatnet blei opna for trafikk i fredag. Det som står att er grøntanlegg og planting, det vert ferdigstilt mai 2018.