Det starta med at keeper Terje Skjeldestad fekk direkte raudt kort alt etter 14 minutt. Han felte ein Bryne-spelar innanfor 16-meteren. Dermed var Sogndal redusert til ti mann, og Bjørge Fedje kom inn i buret. Han greidde å avverje straffesparket i første omgang, første returen sette Paul Oyuga i tverrliggaren, men på tredje forsøket fekk han ballen i mål.
Svein Bakke. Arkivfoto NRK
For dårleg av utespelarane
Sportsdirektør Svein Bakke er skuffa over at utespelarane til Sogndal ikkje summa seg til å hjelpe Fedje. - At Oyuga fekk den første returen er greitt, men at han skal få nikke uhindra på den andre returen er for dårleg, meiner Bakke.
Keeper-tabbe
Men om Fedje gjorde det vanskeleg for Bryne på straffesparket, så må han ta på seg skulda for 0-2. Då miste han ein lett ball ballen til Inge Nilsen, som enkelt kunne skåre.
0-9 mot Bryne!
I andre omgang auka Paul Oyuga til 3-0 for Bryne, og Espen Hægeland til 4-0. Dermed har Sogndal 0-9 mot Bryne på dei to seriekampane i 1. divisjon 2005. Sogndal er nummer åtte på tabellen med sine 27 poeng. Avstanden til nedrykksplass er sju poeng.
Trond Fylling. Arkivfoto NRK
- Salet ikkje årsak til kollapsen
Laget som berre hadde sleppt inn eitt mål sidan sommarferien før denne kampen, var brått tilbake der dei var før Raoul Kouakou kom att etter langvarig skadeavbrot. Men trenar Trond Fylling vil ikkje bruke salet av Kouakou som forklaring på kollapsen. Han meiner utvisinga av Terje Skjeldestad gjorde utslaget.
Ventar kritikk
Men Svein Bakke veit at kritikken vil kome når Sogndal sel den klart beste forsvararen sin og deretter lek som ein sil. Leiaren i supporterklubben til Sogndal, Vidar Vadseth, ser svart på framtida utan Kouakou, men kritiserer likevel ikkje salet. - Det er bra å få fire millionar kroner for ein spelar som nesten er fotballinvalid, seier han.
Kouakou kunne bli fotballinvalid
For det dårlege kneet til forsvarskjempa frå Elfenbeinskysten har vore eit ømtåleg tema på Fosshaugane lenge. Enkelte avskreiv han alt i vinter etter lang tids skade. Sogndal frykta at Raoul Kouakou skulle bli fotballinvalid når som helst, og difor selde dei han då sjansen baud seg. Då Malmö FF desperat trengde ein midtstoppar, var ikkje Bakke tung å be. Resultatet er fire millionar kroner på bok, og altså eit Sogndal-forsvar som nok ein gong ikkje fungerer.
- Kouakou bad til Gud
Trenar Trond Fylling var med Kouakou til Sverige. Han fortel at midtstopparen bad til Gud om at han skulle kome gjennom den medisinske testen til Malmö. Men det spørst om det som er att av Sogndal-laget får hjelp frå same haldet. Vidar Vadseth i supporterklubben er redd for at mange baklengsmål no blir det normale igjen. - Det heng ikkje på greip baki der, seier han.