NRK Meny
Normal

Denne serien kallar svenskane «Gubben i stugan»

TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu trekkjer fleire hundre tusen svenskar til TV-skjermane kvar gong det blir vist ein episode.

Trailer 2017 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Sjå traileren til årets sesong av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Daniel og Ivonne Storeide på Trandal

KJEM I HAUST: Daniel Storeide og sambuaren Ivonne bur på Trandal på Sunnmøre, og er to av dei du får møte i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu no i haust.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det er SVT som sender serien i Sverige, og sidan starten i 2002 har Jesper Petersson vore ansvarleg for å kjøpe inn den norske serien til svenske sjåarar. Han kan fortelje at i Sverige har dei eit heilt eige namn på denne typen program.

– Når vi skal kategorisere ein viss type dokumentarar, så kallar vi det «Gubben i stugan»-dokumentar. Akkurat denne typen dokumentarar har ei sjeldan bra tiltrekkingskraft på det svenske TV-publikumet, fortel Petersson.

Han trur at mange svenskar drøymer om å kunne rømme frå det trongbudde bylivet og etablere seg langt ute på landet, med langt mindre stress og krav.

– På TV kan dei sjå at det er mogleg å bryte opp og gjere noko nytt og leve under enklare kår nærare naturen. Så betyr ikkje det automatisk at ein er klar for å gjere det, men det å kikke på menneske som har teke det valet er pirrande for sjåarane.

Gubben i stugan

INSPIRASJON: Svenske TV-sjåarar likar å følgje livet til dei som lever annleis. I Sverige blir slike seriar kalla «Gubben i stugan»-dokumentarar. Filmen med same namn handla om einebuaren Ragnar Fredriksson, som budde aleine på garden Kestina i Dalarna.

Foto: Nina Hedenius

Stabile sjåartal gjennom åra

Her i Norge har serien vore ein vilkårslaus suksess sidan Oddgeir Bruaset hadde sin første sesong i 2002. Sidan 2003 har serien også blitt vist på SVT, og sjåartala har vore stabile på mellom 300.000 og over 700.000 sjåarar.

– Eg trur at ein av grunnane til at programmet er populært i Sverige er at det er enda meir eksotisk der. Det handlar om nordmenn som har kulturelle og språklege fellestrekk med svenskane,

Torje Bjellaas og Arve Uglum i redigeringsrommet på Skei

REDIGERER FERDIG: Torje Bjellaas (t.v.) og Arve Uglum er i ferd med å gjere klar alle dei nye episodane til den komande sesongen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

men det er veldig få som bur på denne måten i Sverige.

Det seier programansvarleg for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Arve Uglum. Saman med fotograf Torje Bjellaas er han no i ferd med å leggje siste hand på verket for det som skal bli den nye sesongen av serien med sendestart 29. oktober.

Får mange tilbakemeldingar

I same andedraget nemner han også andre seriar som til dømes den danske serien Bonderøven, som sidan 2008 har synt livet til sjølvbergings-bonden Frank Ladegaard Erichsen. Den kjem også inn under paraplyen av program som svenskane kallar «Gubben i stugan»-dokumentar.

For Arve Uglum og Torje Bjellaas som lagar Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er det ekstra stas at NRK-serien framleis slår så godt an i Sverige.

– Det er morosamt, for vi veit aldri når serien byrjar å gå i Sverige. Men brått byrjar det å tyte inn epostar og vi får meldingar på sosiale medium på svensk. Då forstår vi at svenskane er i gang igjen. Eg vil seie at nokon av dei mest entusiastiske sjåarane er svenskane, slår Arve Uglum fast.

Frank Ladegaard Erichsen, Bonderøven

DANSK SUKSESS: Frank Ladegaard Erichsen spelar seg sjølv i dokusåpeserien Bonderøven. Den er også eit døme på seriar som er veldig populære i Sverige.

Foto: Danmarks Radio / dr.dk
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.