NRK Meny
Normal

Svensk turist funnen i god behald

Den svenske mannen i 50-åra som har vore sakna sidan torsdag er funnen i god behald.

Sognefjellshytta

FUNNEN: Mannen i 50-åra er funnen i god behald.

Foto: Råmund Mundhjeld

LES: Startar søk etter sakna turist

- Politiet melder på twitter at den svenske turisten dei har leita etter er funnen i god behald.

«Den sakna svenske mannen er kommen til rette. Han hadde gått direkte til Sognefjellshytta og ikkje meldt attende som avtalt.» twittrar politiet like over klokka elleve fredag føremiddag.

– Mannen hadde gått til Sognefjellshytta, eller området der, og køyrt bil vidare. Han gjekk ikkje den ruta han hadde sagt han skulle gå, altså til Gjertvasstind. Det var nok det rette å gjere med omsyn til vêret i området, og så har han ikkje rekna med at han kunne bli sakna, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.

La ut på langtur torsdag

- Seks personar frå Røde Kors har vore påTurtagrø saman med innsatsleiaren for politiet, fortel Olaug Holme ved operasjonssentralen hjå politiet.

Den svenske mannen i 50-åra vart meldt sakna etter at han ikkje har gjeve lyd frå seg sidan torsdag føremiddag. Han var då på Skogadalsbøen og ville ta seg til Gjertvasstind.

Sidan snakka ingen med mannen, og han fekk status som sakna. Han skjønte sjølv at han kunne vere sakna, og tok kontakt med Skogadalsbøen. Då var han komen til Lom.

Skodde, snø og bratt terreng

Store hjelpemannskap gjorde seg klare til å leite etter mannen og eit helikopter vart sendt til Sognefjellshytta for å bistå i leitinga.

Det var vanskeleg å starte ein leiteaksjon i området på grunn av skodde og dårleg vêr tidleg fredag.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy