NRK Meny
Normal

Svensk trenar satsar alt på Eid

Michael Sjöquist tok i vinter med seg sambuar og barn frå Sverige og busette seg på Nordfjordeid. Der går draumen om å leve av fotball i oppfylling.

Michael Sjöquist

HAR FÅTT SVING PÅ EID: Michael Sjöquist og Eid kan fort bli eit overraskingslag i årets 3. divisjon. Laget står med ni sigrar på 11 treningskampar - og slo erkerival Tornado Måløy ut av cupen.

Foto: Stig Høynes

Eid har gått uvanlege vegar for å sikre seg 3. divisjonsspel også neste år.

Valet fall nemleg på ein svenske midt i 30-åra, då dei i vinter tilsette trenar og dagleg leiar i full stilling.

Michael Sjöquist har teke med seg sambuar og barn, og busett seg på Nordfjordeid for å trene fotballaget.

Har trent svensk 1. divisjonslag

- Vi har blitt veldig godt mottekne på Eid, både av klubben og av menneska rundt. Både eg og familien stortrivst her, seier Sjöquist.

Til helga er den lokale 3. divisjon i gang for fullt - og då debuterer 35-åringen som trenar for Eid i seriekamp. Men han har brei bakgrunn frå fotball i Sverige.

På CV'n står jobben som assistenttrenar for Husquarna i svensk 1. divisjon, han har studert idrett både i Sverige og USA - og kan slå i bordet med eit UEFA A Diploma.

Lever av fotballen på Nordfjordeid

I Sverige hadde Sjöquist fulltidsjobb ved sidan av engasjementet rundt fotballen og ikkje minst sin eigen familie.

På Nordfjordeid går draumen om å leve av fotballen i oppfylling. No er han både trenar og dagleg leiar for Eid.

- I Sverige vart det mange lange dagar og seine kveldar, og lite tid for meg, sonen min og familien. På Eid gav dei meg heiltidsjobb i fotballen - og det bidrog til at eg tok avgjerda om å reise hit, seier Sjöquist.

Artikkelen held fram under biletet

Christoffer Hafsås

MÅLKONGE: Christoffer Hafsås vart målkonge med 21 nettkjenningar i 3. divisjon sist sesong. Han er strålande nøgd med sin nye trenar, og trur Eid kan ta nye steg dette året.

Foto: Stig Høynes

Siktar høgare på tabellen

Eid har gått av med sigeren i heile ni av dei 11 treningskampane dei har spelt i vinter. Og for berre ei veke sidan slo eidarane naboen og seriefavoritten Tornado Måløy ut av kvalifiseringa til cupen.

Etter fleire sesongar med heistilvere mellom divisjonane og botnkamp i 3. divisjon, siktar Eid seg i år inn mot å vere mellom dei seks laga som overlever i divisjonen til neste år.

- Eg meiner vi er gode nok til å plassere oss på øvste halvdel av tabellen, seier Christoffer Hafsås.

11 kampar - 21 mål!

I fjor vart Hafsås den store hiten med sine 21 mål i 3. divisjon.

17-åringen bestemte seg for å ta ein ny sesong for gultrøyene, og i vinter har han halde fram den fine trenden frå fjoråret: I løpet av 11 treningskampar har Hafsås banka inn 21 mål.

- Eg er nøgd med det, men eg kan ikkje score utan hjelp frå resten av laget, seier den unge spissen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser