Hopp til innhold

Svensk sjåfør hadde ingenting på stell

Vegvesenet forstod raskt kvifor ein svensk vogntogsjåfør prøvde å unngå kontrollen i Lærdal.

Håbakken

STOPPA IKKJE: Den svenske sjåføren prøvde å unngå kontrollen ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Vegvesenet avdekka fleire manglar då dei stoppa ein svensk vogntogtsjåfør på Håbakken i Lærdal tysdag. Sjåføren, som først ikkje stoppa for kontrollen, mangla yrkessjåførkompetanse og hadde ikkje sjåførkort i fartsskrivaren. Dette vert han meld til politiet for.

Transportfirmaet hadde heller ikkje løyve til godstransport på veg, og mangla både bombrikke og registreringsdokument for vogntoget. I tillegg var eit av dekka på vogntoget heilt nedslite.

– Vi tenker vel at dette er eit firma som ikkje har ting på stell. Sjåføren prøvde å unngå kontrollen, for han visste nok at han kom til å kome i trøbbel om han vart stoppa. Det gjorde han også, seier inspektør i vegvesenet Bjarte Frækaland.

Bjarte Frækaland

SJELDAN: Bjarte Frækaland seier det er sjeldan dei ser så mange manglar hos ein sjåfør.

Foto: Anna Gytri / NRK

Frækaland seier at det ikkje er ofte dei avdekkjer så mange manglar i ein kontroll.

– Det er ikkje ofte at ein sjåfør vert meldt for tre-fire forhold, det er meir enn sjeldan. Men det hender, seier han.

Då sjåføren vart stoppa prøvde han ifølgje Frækaland først å lure kontrolløren.

– Han prøvde å fortelje kontrollen ei skrønehistorie, men dette var ein erfaren kontrollør. Sjåføren la seg ganske flat etter kvart.

– Dei fleste er flinke

Svensken var ikkje den einaste som vart stoppa i kontrollen. Ein ukrainsk sjåfør for eit estisk firma vart meld til politiet for dårleg lastesikring.

– Han hadde i utgangspunktet sikra, men han hadde ikkje følgt med på lasset. Stroppane han hadde brukt vart etter kvart lause, og lasset bevega seg frå side til side. Då kunne det ha oppstått ein farleg situasjon, seier Frækaland.

Sjølv om kontrollørane fekk litt å henge fingrane i under kontrollen i går, seier Frækaland at dei fleste tungtransportsjåførane har ting i orden.

– Eg vil seie at 90 prosent av dei som er på vegen er flinke og gjer jobben så godt det let seg gjere. Så er det nokre, slik som dei vi plukka ut i går, som ikkje har forstått kva det inneber å vere ein yrkessjåfør.

Under kontrollen tysdag var det totalt 102 køyretøy innom kontrollplassen. Ni av desse vart plukka ut til meir omfattande kontroll. I tillegg til den svenske og den ukrainske sjåføren vart ein kviterussisk sjåfør i eit litauisk transportfirma meld for manglande vekekvile.