NRK Meny
Normal

Svensk meister med røter frå Årdal

Ho var eit løpetalent i Årdal på 80-talet. No har sonen teke svensk rekord på 800 meter.

Andreas og Lise Kramer

MOR OG SON: Andreas Kramer har gått i mora sine fotspor. No har han teke ny svensk rekord.

Foto: PRIVAT

Tysdag førre veke sprang Andreas Kramer inn til ny svensk rekord på 800 meter, og slo dermed den 14 år gamle svenske rekorden. Bak han står ei dame som sjølv var krinsmeister i springing i Sogn og Fjordane, Anne-Lise Kramer.

Kramer kjem frå Årdal, men flytta til Sverige i 1989. På 80-talet var ho eit av dei store løpetalenta i fylket. No er det sonen som gjer det stort.

– Vi er overraska og vart nesten litt sjokkert. Det er heilt fantastisk og vi hadde ikkje tort å håpe på dette, seier Kramer.

Sonen har lagt bak seg to veker med fantastiske resultat. Først vann han gull i U23-EM i Polen, ei veke seinare kvalifiserte han seg til VM og tysdag førre veke vann han under Karlstad Grand Prix. Då sette han ny svensk rekord på 800 meter med tida 1.45.13.

Sogn avis har også skrive om Andreas Kramer.

Sprang sjølv for IL Jotun

– Eg har vel nokre krinsrekordar, seier Kramer om si eiga fortid som friidrettsutøvar. Ho var aktiv i Jotun IL under oppveksten i Årdal. Då var etternamnet hennar Hollevik og trenaren heitte Edvin Moen.

Andreas Kramer tok gull i U23 i Polen

EM i POLEN: Anne-Lise og Jens Kramer saman med sonen Andreas, etter at han tok gull under U23-EM i Polen.

Foto: Privat

Som 20-åring vart Kramer skada, men ho heldt fram med friidretten ved å ta utdanning som juniortrenar. Sonen var ni år då han starta med friidrett. Kramer har vore trenaren hans i mange år, før Per Skoog tok over.

– Det kan vere at det har noko med genane å gjere, men eg trur det handlar like mykje om å halde på med det ein likar.

Kramer flytta frå Årdal i 1989. Ho synest det er kjekt å sjå at friidrettsmiljøet no blomstrar opp att i bygda.

– Eg følger med på Facebook og miljøet har ikkje vore så aktivt dei siste åra, men no ser eg at det er på veg opp att, seier ho.

Usain Bolt sitt siste, Andreas Kramer sitt første

Andreas Kramer seier at mora har betydd mykje for han og vore viktig for at han har kome dit han er i dag.

– Det var via mora mi at eg begynte med friidretten. Ho har alltid hjelpt til og har mykje kunnskap, seier han.

Denne veka reiser han til VM i London.

– Det er heftig å få vere med på det. Det er det største ein kan vere med på etter OL. Dette blir Usain Bolt sitt siste VM og mitt første. Det er spesielt.

Familien bur utanfor Göteborg, men løpetalentet har eit nært forhold til Årdal.

– Det er alltid kult å komme dit og treffe slekta. Eg har sprunge mykje rundt i Årdal, der er det masse fint å sjå på, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.