NRK Meny
Normal

Denne veka skal han vurdere om Sogndal skal få ein svensk keeper

Den svenske målvakta Tim Markström skal trene med Sogndal denne veka. Keepertrenar Terje Skjeldestad seier dei vil sjå kva han er god for.

Terje Skjeldestad

FÅR BESØK: Keepertrenar Terje Skjeldestad og Sogndal får denne veka besøk av ein svensk keeper. – Vi er ei ein kartleggingsfase, seier Skjeldestad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er Gefle Dagblad som melder dette. Tim Markström spelar i dag for FC Fredericia. Kontrakten med den danske klubben går ut i slutten av november.

Markström seier at han er på plass i Sogndal og skal trene med klubben til torsdag.

– Sogndal har også tidlegare vist interesse for meg. No kom dei med ein ny invitasjon, seier svensken.

Markström seier han enno ikkje veit kvar han skal spele kommande sesong. Han seier han mellom anna må sjå om Sogndal klarer å behalde plassen i Eliteserien.

– Både klubbar i allsvenskan og superettan har vist interesse for meg. No skal eg treffe ein klubb når eg er tilbake i Sverige, men eg vil ikkje seie kva for ein, seier han til gd.no.

Har blitt tipsa om svensken

Keepertrenar i Sogndal, Terje Skjeldestad, seier til NRK.no at dei no er i ein kartleggingsfase. Dagens førstekeeper i saftbygda, Kenneth Udjus, reiser til Lillestrøm når sesongen er slutt. Dermed er det naturleg at klubben ser seg om etter det som kan vere ein erstattar.

Skjeldestad seier dei har fått fleire tips om svenske Tim Markström.

– Vi har fått diverse innspel på han og no har vi bestemt oss for å ta han hit og teste han ut, seier Skjeldestad.

– På den måten kan vi enten sjekke han inn eller ut, og vi slepp synste, seier Skjeldestad som i dei komande dagane vil gjere seg opp ei meining om svensken.

Unge keeperar i stallen

Dei to andre keeperane som Sogndal har i stallen no er Leif Lysne og Mathias Dyngeland. Medan Lysne har blitt 20 år, har Mathias Dyngeland nett fylt 17.

– Er det ein ny førstekeeper de leitar etter?

– Vi oppdaterer oss i marknaden. Som alle veit så reiser Kenneth Udjus, og skal vi framleis spele i eliteserien neste går, så må vi vurdere om det er for tidleg for desse to unge gutane våre, seier Skjeldestad.

– Vi er berre på eit nivå der vi vil bli betre kjende med kvarandre. Han gjer seg opp sine tankar om oss, og vi om han. Så dette er definitivt berre som del av ein kartleggingsfase.

Sogndal har no kniven på strupen før siste runde i eliteserien som går søndag. Då er det Brann som gjestar Fosshaugane og skal Sogndal klare å halde seg i den øvste divisjonen bør dei vinne.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser