Hopp til innhold

Bø møter Fourcade til superduell på tredjeetappen

Emil Hegle Svendsen blir Norges ankermann når skiskyttargutane skal gå stafett fredag. Men tredjeetappen blir ein superduell.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting menn.

TREDJEETAPPE: Johannes Thingnes Bø går ikkje mot kven som helst under dagens skiskytterstafett i OL.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I natt vart det klart at 32 år gamle Emil Hegle Svendsen går siste etappe for Norge under dagens skiskytterstafett.

Det har stått mellom Johannes Thingnes Bø og Svendsen på den siste etappen, og valet er
truleg teke som følgje av at Martin Fourcade er nummer tre i rekkefølgja for Frankrike.

Dermed blir det en duell mellom Thingnes Bø og Fourcade før Svendsen avsluttar stafetten.

– Eg seier ikkje nei takk dersom eg får den, men det viktigaste er at vi finn ut korleis vi brukar bestemann på laget, og det er Johannes, sa Svendsen tysdag om ankeretappen.

Tredjeetappen blir eit møte mellom gullgrossist og hans argaste konkurrent i verdscupen. Stryningen tok også OL-gullet på normaldistansen. Då enda franskmannen på 5. plass. Fourcade står sjølv med to individuelle gull og ein gull på mix-stafetten.

Fourcade har sjølv omtala ein etappeduell med Thingnes Bø som «the ultimate fight».

– Det er for så vidt sant, og eg trur det er mange heime som kunne sagt det same, seier Thingnes Bø.

Til fredagens stafett stiller Norge med Lars Helge Birkeland på første etappe, medan Tarjei Bø skal gi bror sin, Johannes, eit best mogleg utgangspunkt i superduellen med Fourcade. Ankermannen blir som nemnd Svendsen.

Stafetten kan du følgje i NRK Sport klokka 12.15, eller på NRK.no sine OL-sider.

NRK SPORT: Her kan du høyre alt som skjer under OL.