Hopp til innhold

Svelgen var våtast i landet

Det skjer ikkje ofte, men ingen andre målestasjonar målte meir nedbør enn i Svelgen siste døgn.

Elkem Bremanger, Svelgen

VÅTT: Svelgen var våtaste stad i landet siste døgn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Med 72 millimeter siste 24 timers perioden fram til klokka 08 tysdag morgon, kan Svelgen titulere seg våtast i landet.

I alle fall for eitt døgn.

– Det er mykje nedbør og ville nok skapt store problem mange stadar. Men her gjekk vel det meste i fjorden, seier statsmeteorolog Harald Abildsnes.

Mest i ytre strok

Kommunesenteret i Bremanger slo Takle med god margin.

Sjølv om målestasjonen i Brekke i løpet av måndagskvelden og natta fekk 35,5 millimeter, enda det på 61,3 millimeter til slutt.

– Det var ytre og midtre strok ned til Sognefjorden som fekk mest nedbør. Ser du lenger inne i fylket, så kom det ikkje så mykje nedbør. Innvik til dømes fekk 1,6 millimeter, seier Abildsnes.

Sjette våtast

Historisk når ikkje siste døgns nedbørsmengder heilt til topps blant dei våtaste døgna i Sogn og Fjordane.

På statistikken for Svelgen kjem det på ein sjetteplass etter at stasjonen, med kallenamn Svelgen 2, flytta i 1972.

27. oktober 1995 vart det registrert 113,5 millimeter. Rekorden for gamlestasjonen, Svelgen 1, er 130,5 millimeter og skriv seg frå 8. september 1966.

Sterk storm ved Kråkenes

Det er ikkje berre nedbøren innbyggjarane i Sogn og Fjordane har merka. Måndag kveld og natt til tysdag var også prega av sterk vind. Sør-vestleg retning gjorde at vinden kom i full styrke godt innover i fylket.

Ved Kvamsøy i Hardangerfjorden vart det registrert sterk kuling. Abildsnes meiner det same gjeld for Sogn og Fjordane. Ved Kråkenes vart vinden målt til 35,8 meter per sekund i dei sterkaste vindkasta.

– Kråkenes var oppe i sterk storm i dag morgon klokka seks. Ein time før var det heilt vindstille, så stormen kom veldig plutseleg, fortel Abildsnes.

Blir vått framover

Når det gjeld veret dei neste dagane, er det venta at bygene vil halde fram til laurdag. Kanskje med eit lite opphald frå torsdag kveld til fredag, før ein ny front kjem innover fylket.

Vinden vil dreie seg og innbyggjarane lenger inne i fjordfylket vil difor ikkje merke så mykje til den dei komande døgna.

– Fredag kjem det ein ny front som kan gje lokalt mykje nedbør. Dette vil gje seg laurdag, og resten av helga og neste veke ser høvesvis tørr ut. Det er håp i alle fall, ler Abildsnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.