Hopp til innhold

Svelgen sletta 30 år gamal varmerekord

Slo til med sommartemperatur på laurdag.

Svelgen

VARMEREKORD: Svelgen sette ny rekord for maksimumstemperaturar med 15,5 varmegrader på laurdag. Det er 0,2 grader meir enn dei målte i Lærdal 6. februar 1990.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Den gamle rekorden var på 15,3 grader frå Lærdal i 1990, så det er ein gamal fylkesrekord som er slått, slår statsmeteorolog Kristin Sæther fast.

I helga viste kvikksølvet på gradestokkane i Svelgen 15,5 grader på det høgaste. Berre ei veke tidlegare var den same industristaden fattige 0,2 grader frå å slå Lærdal sin 29 år gamle fylkesrekord.

Om Svelgen i helga målte ny fylkesrekord for februar, er det likevel eit godt stykke unna noregsrekorden.

23. februar i 1990 målte dei 18,9 grader på Sunndalsøra i Møre og Romsdal.

– Vi er inne i ein usedvanleg mild periode. Vi har høgtrykk i aust og lågtrykk i vest. Midt i mellom blir det dradd opp varmluft frå sør. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det også var ein føn-effekt på laurdag. Då blir det ekstra varmt, seier Sæther.

Varmerekordar sette også fleire stader på laurdag:

  • Sogndal Lufthamn med ni grader. Den gamle var på 8,8 grader 23. februar 2006.
  • Sandane Lufthamn med 15,1 grader. Den gamle var på 13,8 grader 15. februar i år.
  • Stryn, Kroken, med 14 grader. Den gamle var på 13,8 grader 15. februar i år.
  • Stadlandet med 13 grader. Den gamle var på 12,3 grader 18. februar i år.

I tillegg var onsdag i førre veke den nest varmaste februardagen på Fureneset og i Førde sidan 2003, med høvesvis 13 og 11 varmegrader.

Med berre fire dagar att av februarmånaden, trur Sæther at den nye varmerekorden for fylket blir ståande.

– Det skal framleis vere mildt, men den varmaste perioden ser ut til å ha vore i helga, seier ho.

At det februar har fått ein mild avslutning er sikkert og visst. Plussgradene gjer det krevjande for fleire skisenter på Vestlandet. Dei ser ikkje ut til å få naudhjelp frå vêrgudane.

– Allereie har vi 10,8 grader i Svelgen, og over ni grader på Kråkenes og Stad. Det er ikkje fullt så varmt i Hordaland, og over åtte grader på Florida og i Skredderdalen, seier Sæther.