NRK Meny

Sveinsson får ikkje halde fram

Olafur Sveinsson er ferdig som handballtrenar i Jotun/Årdalstangen IL etter sesongslutt. Det stadfestar IL Jotun til porten.no. Islendingen hadde kontrakt på to år med opsjon på eitt år til. Nyvald leiar i Jotun, Arnt Stølen Moen, seier til nettstaden at dei har bestemt seg for å ikkje nytte seg av opsjonen på eitt år.

Olafur Sveinsson
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK