Hopp til innhold

Svein Inge fekk dronninga på døra

Dronninga i dag og statsministeren i morgon. På Knutholmen i Kalvåg blir dette ei minneverdig veke.

Kongeskipet i Kalvåg

KONGESKIPET: I dag var Kongeskipet på besøk i Bremanger.

Foto: Kalvåg bygdelag

Svein Inge Fosse

FEKK STORFINT BESØK: Svein Inge Fosse på Knutholmen viste dronninga rundt i Kalvåg. (Arkivfoto)

Foto: Bjarne Eldevik

I dag tidleg kom dronning Sonja og banka på døra til Svein Inge Fosse på Knutholmen i Kalvåg.

– Ho kom og spurde om å få sjå Knutholmen. Eg viste ho rundt i restauranten og så guida eg ho ei runde gjennom sentrum, fortel Fosse.

Mange har observert kongeskipet som har vore på tur i ytre Sogn. Fosse hadde sett at skipet låg på fjorden, men visste ikkje at han venta besøk.

Det var mange som skvatt litt då dei så dronninga i bygda.

– Folk fekk sjokk og det gjorde jo sjølvsagt eg og. Vi tok ein tur innom møterommet i gamlehuset og der spratt folk opp frå stolane då dei så oss. Det var litt morosamt, seier Fosse.

Dronning Sonja legg frå kai i Kalvåg

PÅ VEG TILBAKE: Her legg dronning Sonja med følgje til kai i Kalvåg.

Foto: NRK-tipsar

Dette er fyrste gong dronning Sonja er i Kalvåg. Følget frå Kongeskipet var hemmelighetsfulle om kor vegen gjekk vidare. Men i dag skulle dei på fjelltur, ifølgje Fosse.

Etter turen gjennom Kalvåg tok dronninga og følget ein kaffi på Knutholmen.

– Dei var utruleg hyggelege folk å ha på besøk. Ho var godt informert og hadde høyrt mykje om oss. Eg trur dei var veldig imponert over det vi driv på med her ute, seier Fosse.

Mange av våre nettlesarar har registrert det kongelege besøket og sendt inn bilde av Kongeskipet. Søndag var skipet mellom anna i Hyllestad og Fjaler.

Kongeskipet

KONGESKIPET: Søndag vart kongeskipet observert i Hyllestad.

Foto: NRK-tipsar

Statsministeren neste

Dette er ikkje det einaste storbesøket som ventar Kalvåg denne veka. I morgon kjem nemleg statsminister Erna Solberg på besøk. Ho skal ete lunsj på Knutholmen

– Dette er jo veldige greier for oss. Vi er ikkje så godt vande, seier Fosse.

Kongeskipet
Foto: NRK-tipsar