Hopp til innhold

Svein Egil går 15.000 skritt på jobb

FØRDE (NRK): Dei fraktar pasientane dit dei skal og kjenner sjukehuset som si eiga bukselomme. Portørane har lenge vore ei ufaglært yrkesgruppe, men no får dei endeleg ta fagbrev.

Svein Egil Svorstøl, portør sjukehuset Førde

PÅ FARTA: Det blir mykje trasking frå den eine korridoren til den andre på ei vakt som portør for Førde sentralsjukehus. Svein Egil Svorstøl er her på veg med ei sjukehusseng.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– I gjennomsnitt ligg eg på 12.000-15.000 skritt om dagen, fortel Svein Egil Svorstøl som har tydeleg bevis i form av ein skritteljar festa på seg.

Han har vore portør ved Førde sentralsjukehus i 12 år. Portørane kjenner sjukehuset sine korridorar svært godt og er på jobb 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Tysdag er den første offisielle portørdagen, noko som sjølvsagt vart feira på sjukehuset.

Noko å smile av

Kake, portørdagen

PORTØRKAKE: I kjellaren på sjukehuset i Førde sit portørane. For det meste er dei ute på oppdrag. Tysdag kunne dei feire portørdagen med kake og meir.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Portørane fraktar pasientane, men har også mange andre viktige funksjonar i løpet av ein dag.

– Det er rikeleg å henge fingrane i her på huset. Vi vaskar senger, køyrer pasientar, medisin, boss, ja stort sett det meste som kan flyttast. Eg stortrivst. Det er lurt å vere sosial av seg som portør, fortel Svorstøl.

– Får eg ein pasient til å smile og le, så føler eg at eg har gjort ein god jobb.

Sjukehuset er ein av fylket sine største arbeidsplassar og har nær 1000 tilsette. I det åtte etasjar store bygget har portørane oppdrag overalt.

Møter folk i sorg og glede

Oddvar Fugle har 15 år bak seg som portør.

– Det er pasientane vi er her for. Vi bringar dei fram og tilbake på heile huset. Om det så er til røntgen, poliklinikk, mottak, intensiv og operasjon, fortel han.

Som portør møter dei folk i svært ulike livssituasjonar og både glede og sorg pregar sjukehuskvardagen. Sjølv om det berre er nokre få minuttar dei har med pasientane, kan det likevel vere mykje å prate om.

– Det er mange som er sårbare. Det vert mykje kjensler og inntrykk. Mange av pasientar som vert liggande lenge på sjukehus har vi mykje kontakt med, og dei får vi eit visst forhold til. Det viktigaste vi kan gjere er å vise medkjensle, seier Svorstøl.

«Portørdagen» og fagbrev

Lena Haveland

FØRSTE FEIRING: Avdelingssjef for portørane, Lena Haveland, seier portørane endeleg har fått sin eigen dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lena Haveland er avdelingssjef for portørane. Litt over 20 portørar har sjukehuset i Førde som sin arbeidsplass. Tysdag 26. januar er portørdagen i Helse Vest, og den første av sitt slag.

– Alle yrkesgrupper har sin eigen dag. I fjor vart det vedteke at portørane endeleg vart anerkjent som ei eiga arbeidsgruppe. Så i dag feira vi den første dagen deira, fortel Haveland.

Det som tidlegare har vore ei ufaglært yrkesgruppe er no i ferd med å ta fagbrev. Mange av dei som jobbar i Førde skal gjere det i år.

– Det betyr mykje for statusen til yrket. Det å vere portør er ikkje berre det å flytte senger. Du skal vere god på kommunikasjon, ta i mot helsefaglege instruksar og snakke same språk som resten av helsepersonellet. Då er det viktig at dei har får ein felles studiebakgrunn, seier Haveland.