Hopp til innhold

Svein Bakke vert æresmedlem

Styret i Sogndal Idrettslag har bestemt at Svein Bakke skal tildelast æresmedlemskap i laget, skriv Sogn Avis. Bake døydde i 2015 og vil få utmerkinga post mortem under årsmøtet førstkomande måndag, der kona Bente vil vere til stades. Bakke spela 514 kampar for Sogndal og scora 321 mål i løpet av karrieren. Han la ned ein enorm innsatsen i klubben, både som spelar, frivillig og i ulike leiarroller.

Svein Bakke
Foto: Arve Uglum / NRK