– Eg syns ikkje det var så vanskeleg i starten, men dei siste månadane har det vore utruleg tøft. Spesielt når eg har følt at det har gått framover og så har det stoppa heilt opp, seier Sveen.
Det var alt i andre serierunde i heimekampen mot Stabæk at Sveen brakk begge beina i den venstre leggen. På stillinga 0–0 vart han spelt gjennom med keeper og i kamp om ballen kasta både Sveen og keeper seg fram.
Ballen rulla i mål, men samanstøyten enda også med brot i begge leggbeina for Sveen. Og når han er tilbake på fotballbana igjen er framleis heilt i det blå.
Året då alt gjekk gale
Dagen etter beinbrotet opererte han og ting gjekk i riktig retning. Men så har han fått nye problem i ettertid.
– No har også ankelen blitt eit problem. Eg har vore til ekspertar som jobbar med å finne ut kva som er gale inne i beinet, men det vil ta litt tid, seier Sveen.
2017 vart eit ekstra tungt år for Sveen. For i 2016 var han Sogndal sin beste spelar i eliteserien og i fjor skulle det toppast. Men slik gjekk det absolutt ikkje. Sogndal enda opp med å rykka ned og 28-åringen fekk berre 43 minutt på fotballbana.
– 2017 er det tøffaste året eg har hatt som fotballspelar. Spesielt sidan eg følte eg var så godt på gang etter 2016 sesongen. Og så rykte vi ned, utan at eg fekk vera med og hjelpa til, seier Sveen.
– Har du tenkt på at dette ikkje går og at karrieren er over?
– Nei, det tenker eg ikkje på. Eg har flinke folk rundt meg og Eirik Bakke (trenar) har vore til stor støtte for meg, svarar han.
Til hausten?
Når han kan vente å vera tilbake på fotballbana er framleis usikkert. Seriestarten er i byrjinga av april.
– Det vert omtrent umogeleg. Då må alt klaffe, men eg trur det vert for tidleg. Fokuset no er å kome seg på beina att slik at eg kan springa og så får eg ta det som det kjem, seier han.
Trenaren håpar å ha spissen sin tilbake til haustsesongen.
– Det er utruleg frustrerande for han. Det var ein stygg og karrieretruande skade. Eg håpar han er tilbake på bana til haustsesongen, men først må han bli smertefri og i stand til å gå, seier Eirik Bakke.