Takka nei til Sogndal – signerte for eliteklubb

Ole Amund Sveen (29) er klar for Bodø/Glimt.

Ole Amund Sveen

FERDIG: Ole Amund Sveen har fire kampar att for Sogndal, før han reiser nordover til Bodø/Glimt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har jobba steinhardt for å nå målet om å spele i Eliteserien igjen, seier angrepsspelaren til Sogndal Fotball sine nettsider.

Takka nei til Sogndal

Aasmund Bjørkan og Ole Amund Sveen

NØGDE: Både sportsleg leiar Aasmund Bjørkan og Ole Amund Sveen var nøgde etter at 2,5-årskontrakten var signert.

Foto: Bodø/Glimt

Ole Amund Sveen si tid i Sogndal har vore prega av opp- og nedturar. To sesongar vart øydelagde av skade, men det vart likevel ni mål på 37 cup- og seriekampar sidan overgangen frå Hødd i 2016.

Sveen blir Bodø/Glimt-spelar frå og med 1. august. 29-åringen har signert ei kontrakt for dei neste 2,5 åra.

– Vi har jobba eit tid for å resignere Ole Amund. Spelaren hadde fått eit tilbod frå oss, då vi veldig gjerne ville ha han med oss vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo til nettsidene til klubben.

– Fortener å prøve meg

Flo forstod at det ville bli vanskeleg å halde på Sveen då Bodø/Glimt melde si interesse. Spelaren sjølv er klar på at det var eit vanskeleg val, men at han ynskjer å igjen få oppleve eliteseriefotball.

– I løpet av karrieren min har eg spela ein skikkeleg sesong på det nivået, og eg er 29 år. Eg føler eg fortener å få prøve meg på det nivået igjen, seier angrepsspelaren frå Redalen utanfor Gjøvik.

Sveen var i Bodø i helga og gjennomførte både medisinsk test og forhandlingar med klubben. Han fekk eit godt inntrykk av både Glimt og byen.

Har følgt Sveen

– Det kjennest veldig bra å ha signert med Bodø/Glimt. No har eg nokre kampar igjen i Sogndal, som eg skal avslutte med stil, før eg er klar for Bodø, seier han til Glimt sine nettsider.

Sveen har fire seriekampar og cupkampen mot Brann att for Sogndal. Siste heimekamp blir 21. juli mot Tromsdalen. Borteoppgjeret mot Jerv ei veke seinare blir han siste kamp.

Sportsleg leiar i Bodø/Glimt, Åsmund Bjørkan, seier dei har følgt Sveen over tid.

– Han er også ein veldig ambisiøs og flott fyr som eg er sikker på vil passe godt inn hos oss både på og utanfor bana. Vi er som sagt veldig glade for at han har valt å komme til oss i Bodø/Glimt.