Hopp til innhold

Sogndal sikra seg sentral Hødd-spelar

Midtbanespelaren Ole Amund Sveen er klar for Sogndal.

Ole Amund Sveen og Håvard Flo

GODT NØGDE: Sportsleg leiar Håvard Flo og Ole Amund Sveen.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

25-åringen og Sogndal Fotball har i dag skrive under ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2017. Sveen har dei to siste sesongane vore ein sentral spelar på Hødd.

Sportsleg leiar Håvard Flo er veldig godt nøgd med nysigneringa.

– Han er ein veldig spennande spelar som vil passe godt inn i gruppa.

Klar for eliteserien

Sveen sjølv seier til nettsida til Sogndal Fotball at han er klar til å ta steget opp til eliteserien.

– Eg har så klart ambisjonar om å spele meg til ein fast plass på laget. Sogndal er ein spennande klubb, og det verker veldig seriøst og med eit bra opplegg her. Eg gler meg til å ta fatt på treningskvardagen, seier han.

Ole Amund Sveen er frå Gjøvik, og har tidlegare spelt for Raufoss, Strømsgodset og Ham Kam. For Hødd har han spelt 58 seriekampar og skåra ni mål.

Kan spele i fleire posisjonar

I Hødd har Sveen vore mest nytta som indreløpar, men han kan brukast i fleire posisjonar. Han er også målfarleg. Det fekk Sogndal merke i oppgjeret på Fosshaugane i år, då han utlikna på overtid, og det enda 1-1.

– Eg er ein løpssterk spelar, grei med ballen og ganske rask, seier Ole Amund om seg sjølv.