Hopp til innhold

Sogndal utan tap på ti kampar

SOGNDAL (NRK): To balltap djupt på eigen banehalvdel såg lenge ut til å stogge Sogndal si rekke utan tap. Så dukka Ole Amund Sveen opp.

Bjørn Inge Utvik

UAVGJORT: Sogndal og Bodø/Glimt delte poenga på Fosshaugane.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Eit disiplinert Bodø/Glimt-lag utnytta heimelaget sine feil til det fulle. Først etter at debutant Vegard Leikvoll Moberg mista ballen i det 19. minutt.

Så då Bjørn Inge Utvik mista ballen etter vel timen. Ved begge høva var det veteran Trond Olsen som fann nettmaskene for gjestene. Først med ein chip over keeper Mathias Dyngeland. Hans femte mål for sesongen vart ei kontrollert avslutning under Sogndal-keeperen.

Laster innhold, vennligst vent..

Men det skulle ende uavgjort og 2-2 på Fosshaugane. Eirik Bakke sette inn Kristian Fardal Opseth og berre nokre minuttar seinare var reduseringa eit faktum. Fem minuttar før slutt fastsette Ole Amund Sveen sluttresultatet med pannebrasken.

Sogndal hadde ikkje slått Bodø/Glimt i eliteserien sidan 2003. Og kom til dagens kamp med ni strake kampar utan tap. Men gjestene frå nord viste at det ikkje er tilfeldig at også dei er i god form.

Men det var Sogndal som opna kampen best. Allereie i første minutt reiv Gilbert Koomson seg fri på høgrekanten og fekk slått inn i boksen. Bodø/Glimt avverga til corner.

Trond Olsen blir tiljubla etter scoring

JUBEL: To gonger scora Trond Olsen for Bodø/Glimt.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Bodø/Glimt kom meir og meir med utover i omgangen utan å produsere dei store sjansane. Ikkje før det nemnde balltapet til Moberg. Sogndal heldt fram å dominere etter scoringa. Etter halvtimen kunne Lars Christian Kjemhus utlikna etter glitrande angrepsfotball på venstrekanten. Bergensaren breisida innlegget frå Jukka Raitala til side for mål.

Fem minuttar før kvilen trudde 3.291 tilskodarar at resultattavla skulle vise 1-1. Men Martin Ramsland si heading mot lengste stolpe vart redda på streken.

Eitt mål skilte laga til pause, og Sogndal starta andre omgang som dei gjorde i første omgang. Nok ein gang var det Ramsland, men denne gang var det Glimt-keeper Sergiy Pogorilyy som redda avslutninga frå kort hald på streken.

Like etter kunne Emil Jonassen doble leiinga i andre enden av bana, men avslutninga frå 20 meter gjekk via ein Sogndal-spelar til corner. Doblinga kom då Utvik mista ballen til Olsen.

Så starta Sogndal opphentinga. Først då Fardal Opseth endra retning på eit Raitala skot. Åtte minuttar før slutt sytte Sveen for at Sogndal framleis står utan tap sidan tomålstapet for Brann i Bergen.

Laster innhold, vennligst vent..