Hopp til innhold

Svart dag for svartkledde Sogndal

Det var lite som minna om divisjonsskilnad då Sogndal møtte Kongsvinger. Even Hovland og Eirik Bakke var samde: – Ein svart dag for Sogndal.

Even Hovland

SKUFFA: Even Hovland er ikkje nøgd med laget sin innsats under kampen mot Kongsvinger.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Harald Aabrekk og nyopprykka Sogndal klarte ikkje å vise seg fram mot Kongsvinger som rauk ut av eliteserien i fjor.

- Frykteleg dårleg

Even Hovland var nådelaus om laget sin prestasjon etter 2-1-tapet mot Kongsvinger.

- Vi starta frykteleg dårleg. Totalt sett er dette alt for dårleg av oss. Vi er langt unna der vi skal vere, for dette var ikkje bra, seier den ettertrakta midtstopparen som mellom anna skal ha vore i kikkerten til Ole Gunnar Solskjær og Molde.

God kamp av Kongsvinger

Etter skåringar av Olav Tuelo Johanessen og Adem Guven låg sogningane under 2-0 til pause. Sjølv om Ulrik Flo utlikna etter pause, var det lite som stemte for det ferske eliteserielaget.

Kongsvinger, som rykka ned i 2010 hadde derimot god grunn til å til å vera fornøgde, særleg Guven og Tuelo Johanessen gjorde livet surt for svartkledde sogningar.

Skuldar på trøytte bein

- Vi fekk ikkje så mange svar i dag. Førstomgangen var slettes ikkje bra. Eg trur ikkje vi kan bruke for mykje ressursar på denne kampen, seier Aabrekk.

Han meiner store treningsdosar så langt under opphaldet på La Manga må ta litt av skulda for at Sogndal ikkje viste seg frå noko god side mot Kongsvinger.

- Laget svikta

Før kampstart meinte trenaren frå Eid at laget han stilte med fort kunne verte startellevaren når eliteserien startar. Etterpå var han ikkje like sikker.

- Spelarprestasjonane var veldig varierande, likevel er Sogndal i den situasjonen at vi må vere gode som lag, og det var nok der det svikta mest i dag.

- Kongsvinger ville meir

- Under pari for vår del, ein ruskete kamp frå vår side, meier Eirik Bakke.

Som resten av Sogndal-laget sleit han med å ta tak i kampen.

- Det går litt for halv maskin i dag og det såg ut som om det er ein del unggutar på Kongsvinger som ville litt meir enn oss i dag, sa veteranen som gjer comeback i den vanlegvis kvite Sogndal-drakta i 2011.

Trass tapet meiner han Sogndal-laget ikkje skal grue seg for mykje til alvoret startar mot Strømsgodset 20. mars.

- Jo, vi er bra i rute, men i dag var det like svart som drakta.