NRK Meny
Normal

Svar og vinnarar av årets julequiz

Fekk du prøvd deg på NRK Sogn og Fjordane sin quiz i jula? Her får du alle svara.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Kvar dag gjennom jula og nyttårshelga plukka vi ut ein vinnar som får ein NRK-kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sendte inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga har vi også plukka ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Under finn du svar og vinnarar:

Vinnar av DAB-radio:

Det er veldig kjekt at mange har brukt tid på quizen vår også denne romjula. Av alle dei som har hatt rett svar har vi trekt ut Anne Marie Samland Bø i Vik. Om litt får du ein DAB-radio av oss i posten. Gratulerer!

1. januar

I vår siste quiz i denne omgang var «nyttårsforsett» riktig svar. Vi har trekt ut Atle Hunderi frå Lærdal som vinnar.

31. desember

«Sirupsnipp» var løysingsordet på nyttårsaftan, og vi har trekt ut Martha Karin Rauset på Hopland som vinnar.

30. desember

Denne gongen var det «Juletrefot» som var det riktige løysingsordet. Vinnaren var Ruth Rønnekleiv på Sandane.

29. desember

«Nissedrakt» var løysingsordet denne gongen. Vi har trekt ut Svanhild Liset i Kalvåg som den heldige vinnaren.

28. desember

«Julekveld» var løysingsordet denne gongen. Av mange som klarte oppgåvene, har vi trekt ut Berta Reksnes frå Leikanger som vinnar.

27. desember

Ståle Mulehamn frå Svelgen visste at løysingsordet var "musemor". Han får ein premie i posten!

26. desember

Dagens løysingsord var «Sylteflesk». Vi har trekt ut Jarle Bergset på Vassenden som dagens vinnar.

25. desember:

Brita D. Frækaland frå Fjærland visste at vi skulle fram til ordet «Adventskrans». Ho får ein premie i posten!

24. desember:

Vi har fått mange svar på quizen julaftan, og svaret var som mange visste; «Marsipangris». Vi har trekt ut Oddmund Aven frå Aven i Lavik som vinnar!

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast