Hopp til innhold

Svakt fjorår for Bolseth Glass

2015 vart det svakaste på svært lang tid for Bolseth Glass i Gloppen. Det skriv Firda. Omsetnaden fall med 14 millionar, og resultatet før skatt var på to millionar, noko som er 4,3 millionar svakare enn året før. Dagleg leiar i bedrifta, Geir Atle Bolseth forklarar nedgangen med nedgang i byggjeaktiviteten, samt avslutting av eit par større prosjekt heilt på tampen av året.