Hopp til innhold

Svaksynte Jan har gått 200 mil: – Somme seier eg er som ei maskin

VIKSDALEN (NRK): Jan Bang Henningsen brukar sommaren på å oppfylle draumen om å gå Noreg på langs. Etter 200 mil er han framleis ikkje sliten.

Jan Bang Henningsen og Rune Lyberg

– EG KJENNER INGENTING: Jan Bang Henningsen (t.v.) er ikkje sliten etter nesten 200 mil langs vegen. Turkamerat Rune Lyberg har vore med sidan tysdag.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Henningsen er svaksynt, og kjem før eller seinare til å verte heilt blind.

No vil han sjå så mykje av Noreg som han kan. NRK møter han i Viksdalen, to månader og 200 mil etter at turen starta på Nordkapp.

– Den har vore heilt fantastisk, med mange fine opplevingar. Det er jo ein heilt annan måte å oppleve landet på enn å ta fly eller å feriere i bil. Når du går langs vegen møter du utruleg mange menneske, og du får oppleve naturen, seier han.

Jan Bang Henningsen

MATPAUSE: NRK møtte Henningsen då han tok seg ein matpause i Viksdalen.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Turen frå Nordkapp har ifølgje Henningsen vore full av høgdepunkt, og det er vanskeleg å plukke ut eitt.

– Å gå gjennom Møre og Romsdal var veldig fint, som å gå i ei mjølkesjokolade-reklame. Då var det godt vêr også, og det betyr mykje, seier Henningsen.

Draumen om å gå Noreg på langs er noko Henningsen har bore på lenge.

– Det er ein draum eg har hatt i mange år, men sidan eg har det handikapet eg har som svaksynt har eg alltid sagt til meg sjølv at det ikkje går. Ein må huske å leve medan ein kan, og følgje draumane sine, seier han.

– Kjenner ingenting

Med seg på turen har Henningsen hatt fleire turkameratar. Både kollegaar frå Hennig-Olsen, vener og familie har vore med på delar av ferda frå Nordkapp.

– Eg synest det er heilt fantastisk at nokon er villige til å bruke av fritida si for å vere med meg på tur. Det kan sjølvsagt vere tungt for nokre av dei, men dei får jo ei oppleving dei også.

Medan nokre av turkameratane har vorte slitne av dei delane av turen dei har vore med på, kjenner Henningsen lite til det.

Jan Bang Henningsen og Rune Lyberg 2

TUNG LAST: Ryggsekkane til Henningsen og Lyberg veg rundt 20 kilo.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Det er somme som seier at eg er som ei maskin, for eg kjenner faktisk ingenting. Det er litt flaut å seie, men det gjer eg faktisk ikkje, seier Henningsen

Sjølv om synet gjer at Henningsen ikkje får med seg detaljane i omgjevnadane, kan han framleis sjå det store i naturen.

– Det finnast også andre sanseopplevingar som å lytte og lukte, så eg får veldig mykje ut av turen, seier han.

På etappen frå Byrkjelo til Balestrand er det Rune Lyberg som er turkameraten til Henningsen. Han fortel at han er imponert over styrken til kollegaen.

– Då eg først høyrde om turen til Jan tenkte eg at han er heilt galen, og at det ikkje er mogleg å gå så langt. Men han har bevist at han er utruleg sterk, seier Lyberg.

Jan Bang Henningsen og Rune Lyberg, Viksdalen

EIT STYKKE IGJEN: Henningsen skal framleis gå nesten 80 mil før han er framme i Kristiansand. Lyberg skal vere med til dei kjem til Balestrand.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK