Hopp til innhold

– Det er urovekkjande at vaksinen ikkje har tilstrekkeleg effekt

FØRDE (NRK): Årets influensavaksine har dårlegare effekt enn vanleg mot enkelte av virustypane som sirkulerer. Dette kan føre til at fleire blir alvorleg sjuke i vinter, sjølv om dei har vaksinert seg.

Una Holmelid i samtale med ein pasient på Førdetunet

VONAR AT DEI HELD SEG FRISKE: Det er urovekkjande at årets influensavaksine ikkje har tilstrekkeleg effekt, seier Una Holmelid, einingsleiar ved Helsetunet i Førde. Her pratar ho med ein av pasientane på avdelinga.

Foto: Bård Siem / NRK

Einingsleiar ved Helsetunet i Førde Sogn og Fjordane, Una Holmelid, likar ikkje at årets vaksine ikkje fungerer optimalt.

– Det er urovekkjande at vaksinen ikkje har tilstrekkeleg effekt. Vi har mange eldre, svake og sjuke pasientar og det kan få fatale følgjer dersom dei får alvorleg influensa, seier ho.

Avdelingsdirektør Siri H. Hauge ved Folkehelseinstituttet forstår uroa ved Helsetunet i Førde.

– Situasjonen styrkar ønsket vi har om å få vaksinar som har høgare beskyttelse, som varer lengre og som verkar betre på dei eldre, seier ho.

– Uansett viktig

Det er Folkehelseinstituttet sjølv som har påpeika at årets influensavaksine kunne fungert betre. Spesielt influensatypane A (H3N2) og B/Yamagata blir det forventa at årets vaksinar berre vi ha låg til moderat effekt.

– For personar i risikogruppene er det likevel viktig å vaksinere seg. Sjølv om ikkje vaksinen beskyttar deg mot sjukdom, kan den sørge for at sjukdomsforløpet blir mindre alvorleg, seier Hauge.

Erling Hage frå Haukedalen

REDD FOR Å BLI SJUK: Erling Hage har teke influensavaksine kvart år dei siste åra og har ikkje hatt alvorleg influensa. 83-åringen fryktar å bli sjuk i vinter fordi vaksinen verkar dårlegare enn vanleg.

Foto: Bård Siem / NRK

Fryktar å bli alvorleg sjuk

Erling Hage frå Haukedalen i Førde er uroa. 83-åringen fryktar han skal få alvorleg influensa.

– Sjansen for å bli sjuk er større enn vanleg fordi vaksinen ikkje fungerer optimalt. Det er sjølvsagt dumt, seier Hage (83). Han har teke vaksine dei siste åra og har unngått influensa. Hage bur på institusjonen Førde Helsetun.

– Eg skal vaksinere meg og håper å unngå alvorleg sjukdom, seier han.

Mange døyr kvart år

Årleg døyr om lag 1000 personar av influensa i Norge og i fjor vart spesielt mange råka. Berre på ein sjukeheim i Molde, Bergmo omsorgssenter, vart det registrert fire influensadødsfall i løpet av fire veker i fjor.

Det er dei eldre aldersgruppene og folk som er svekka og har lågt immunforsvar som oftast blir alvorleg sjuke av influensa.

– Vi kan vente sjukehusinnleggingar og dødsfall, seier Hauge.

Frivillig for pasientane

Det blir tilrådd at om lag 1,5 millionar nordmenn vaksinerer seg mot influensa.

– Vi oppmodar alltid om at pasientane vaksinerer seg, men det er frivillig. Det er også ønskeleg at flest mogleg av dei tilsette vaksinerer seg, seier einingsleiar Una Holmelid.

Det er Verdens Helseorganisasjon (WHO) som to gonger i året bestemmer samansetjinga av vaksinen.

Hauge påpeikar at det er usikker kva type influensavirus som får størst utbreiing i vinter og at det også kan vere regionale forskjellar.

– Undersøkingar viser at store delar av befolkninga hadde god beskyttelse mot enkelte typar influensa før sesongstart. Det kan bidra til at årets utbrot blir mindre kraftig med færre sjuke enn sist vinter, seier Hauge.