Svak måling for Høgre

Høgre og Arbeidarpartiet er dei to partia som går mest tilbake på ei måling som Norstat har gjort for NRK og Aftenposten. Der må Framstegspartiet for første gong sjå seg slått av Miljøpartiet dei grøne. I Høgre er ikkje Noralv Distad, andrekandidaten til fylkestingsvalet, nøgd med at hans parti det er det som går aller mest tilbake med 3,2 prosentpoeng. – Målinga er ikkje god nok. Vi må heve oss. Det er enno tidleg i valkampen, seier han.

Noralv Distad på Flåmsbana
Foto: Aleksander Åsnes / NRK