Hopp til innhold

Svak krone gjer at turistane legg att meir pengar

FJÆRLAND (NRK): Svak norsk krone fører til at turistane brukar meir pengar enn tidlegare. Det er erfaringa til Norsk Bremuseum i Fjærland. Dei har til no i år teke i mot 4.000 fleire besøkjande enn på same tid i fjor.

Turistar på Bremuseet

VISSTE: - Vi var på førehand klar over at Norge er eit dyrt land å feriere i, seier Sharon (i lilla), her saman med familien sin frå Israel.

Foto: Marie Osland / NRK

Den auka kjøpeviljen merkast ikkje berre økonomisk, men også på tilbakemeldingane frå turistane. Det seier museumsdirektør John Brekke.

Merkar stor skilnad frå i fjor

På toppen av dette legg kvar enkelt gjest meir pengar igjen enn før, seier museumsdirektør John Brekke.

– Eg trur mykje kjem av den svake krona. Det er den store skilnaden i år, samanlikna med tidlegare år, seier Brekke.

John Brekke

MERKAST: Direktør ved Bremuseet i Fjærland, John Brekke, seier at den svake krona merkast godt.

Foto: Marie Osland / NRK

Men ikkje alle turistane på Bremuseet har fått med seg at den norske krona er svakare enn normalt. Sharon frå Israel er ein av dei.

– Det er kjekt å vite, seier Sharon.

20-åringen er glad for å høyre at det er billigare enn før å vere turist i Norge. Ho opplever framleis Norge som eit dyrt land, men seier dei var førebudde på dette og at det er verdt det.

– Det er dyrt her, men vi visste om det før vi kom. Vi meiner det er verdt det, for det er eit vakkert land, seier Sharon.

Vitja bremuseet

BLANT DEI FÅ: F.v. Turid Bohne, Fridtjov Irgens og Eva Irgens var blant dei få norske turistane som i går vitja Bremuseet i Fjærland.

Foto: Marie Osland / NRK

Får fleire kroner per gjest

På Bremuseet i Fjærland ser dei tydeleg at dei har større omsetnad per gjest.

Og han er ikkje åleine. Ved Fjærland Fjordstove Hotell merkar dei også at inntektene aukar. Det seier Bård Huseby som er vertskap og eigar.

– Vi merkar det på talet kroner per gjest. Vi har ikkje sett opp romprisane, så det må komme av meirsal av mat, drikke og aktivitetar, seier Huseby.

Bård Huseby

BRUKAR MEIR: Bård Huseby ved Fjærland Fjordstove Hotell merkar at turistane legg at meir pengar.

Foto: Marie Osland / NRK

Også på Breheimsenteret i Jostedalen merkar dei ein auke i turismen samanlikna med i fjor.

– Eg føler at dei som er innom her, i større grad enn før tek seg tid til å vere i kafeen, ta ein kaffi og ei kake, i tillegg til å vitje museet, seier dagleg leiar, Gaute Grov.

Trur resultatet vert like godt som i fjor

Hos Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn har dei hatt ein god sesong så langt. Her reknar dei med å ende på det same som i fjor med rundt 100.000 besøkjande. Men dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum har ikkje oversikt over om kronekursen har påverka inntektene der.

– Det er vanskeleg å seie heilt nøyaktig. Men eg trur vi landar på eit like godt resultat som i fjor, seier Kjos-Wenjum.