Svak krone gir oppsving i sjømatnæringa

MÅLØY (NRK): Fiskerinæringa går så det fossar og tener godt på dei låge kronekursane. Det skapar arbeidsplassar langs ein kriseråka kyst.

Hans Petter Selstad og Trond Lillebø

OPTIMISME: Administrerande direktør Hans Petter Selstad (t.v.) og driftsleiar Trond Lillebø Selstad merkar at fiskerinæringa er i vinden

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har veldig tru på at sjømatnæringa skal vekse, og vi skal vekse i lag med den, seier Hans Petter Selstad i utstyrsleverandøren Selstad i Vågsøy.

Fabrikken er heilt ny, investeringa til 50 millionar kroner syner litt av framtidstrua i kystbyen. På nabotomtene er Nergård Pelagic i ferd med å bygge sildoljefabrikk, og fiskerinæringa investerer i nye båtar.

Tener på låg kronekurs

No tener fiskerisamfunna som hamna i skuggen av olje gode pengar på grunn av den låge kronekursen.

– Ein må satse på det ein er god på, og no ser det ut til at sjømatnæringa er i vinden. Så det er bra for oss, seier Selstad.

Ei viktig årsak til veksten er at låg oljepris har svekt krona og gitt betre betaling til anna eksportnæring.

Nergård Pelagic sildeoljefabrikk

NYSATSING: Nergård Pelagic byggjer sildoljefabrikk.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Norge eksporterte i fjor sjømat for 74,5 milliardar kroner i 2015, nær seks milliardar meir enn i rekordåret 2014. Oppdrettsnæringa stod for 50 milliardar åleine. Innan fiskeri vart det sett rekord for torskefisk for nær 15 milliardar kroner.

Smittande optimisme

Oppdrettsnot Selstad

VEDLIKEHALD: Ei oppdrettsnot med kapasitet til 200 000 laksefiskar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Måløy har difor fiskarar og eksportørar jubla i heile vinter. Og optimismen har smitta, meiner ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad frå Ap.

– Det er veldig gledeleg. Måløy og Vågsøy er tufta på fiskeri, og vi lever av og ved havet. At næringa no går bra, er veldig kjekt å høyre, seier Maurstad.

– Merkar de det i lokalsamfunnet?

– Ja, vi merkar ein positiv giv og ein positiv tankegang, og det speglar seg igjen på andre felt. Ein har fått eit breiare næringsliv det siste året. Det er heilt nødvendig å ha fleire bein å stå på, men veldig mykje av det er relatert til fiskeri. Så det er ein del av historia vår som vi skal bruke, seier Maurstad,

Håpar å kunne utvide

Ved Selstad syner driftsleiar Trond Lillebø fram ei oppdrettsnot med kapasitet til 200 000 laksefiskar. Om denne raknar er det krise for oppdrettsselskapet, no skal den vaskast, haldast vedlike og sjekkast.

– Ja, det er ein alvorleg og viktig jobb som krev sertifisering.

Hans Petter Selstad har totalt 135 personar på lønslista på ulike anlegg langs norskekysten, vel halvparten i Sogn og Fjordane.

Han ser ikkje vekk frå at med veksten no kan det nye anlegget bli for lite i framtida.

– Ja, vi håpar at det utviklar seg dit at vi må utvide anlegget om ikkje altfor mange år, seier Selstad.

Selstad, Vågsøy
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK